Sant: Vi forsøker så godt vi kan å snakka sant om den vanskelege situasjonen kommunen er i.

Kvifor KrF støtta Frp/H sitt budsjettalternativ

Vi er klar over at dette vil gjera vondt for innbyggjarane våre.

Det er ei krevjande tid for tilsette og for innbyggjarane i kommunen vår. Som dei andre lokalpolitikarane, kjenner også vi frå KrF på at det er vondt å ikkje ha råd til dei gode tiltaka vi kunne støtta i betre tider.

Det må no gjerast store kutt i tenestene for at vi på lengre sikt skal få balanse mellom inntekter og utgifter. Dersom vi skal få dette til, må vi setja tæring etter næring i eit tidsperspektiv lengre enn året som kjem. Slik vi ser det, har vi ikkje råd til å budsjettera med pengar vi ikkje veit om vi får.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ikkje vårt KrF

Med ein representant i kommunestyret, som heller ikkje er del av posisjonen, hadde det vore enklast for KrF å laga eller støtta eit budsjett med høge inntekter og som då kunne sagt nei til upopulære og smertefulle kutt.

Da hadde også vi blitt populære og fått skryt og likes i sosiale media, og vi kunne hive oss med i den sterke kritikken av Frp/H og kommunedirektøren.

Som KrF-politikarar kjenner vi oss forplikta på det kristne forvaltaransvaret. Vår hensikt som lokalpolitikarar er difor å forvalta inntekter og utgifter sånn at kommuneøkonomien kjem i balanse igjen.

Når det gjelder einskildsaker som eigedomsskatt eller omorganisering av legevaktordninga, finn vi ikkje svaret direkte i den gode boka, men vi forsøker å vurdera tiltak etter beste skjønn ut frå både konsekvensar og heilskap.

Vi forsøker så godt vi kan å snakka sant om den vanskelege situasjonen kommunen er i og korleis vi meiner vi best kan koma oss ut av den. Vi kjenner oss forplikta til å tenkja langsiktig og at vi må forholda oss til inntekter kommunen faktisk vil få, ikkje til dei inntektene vi skulle ønskt vi fekk.

Det er årsaka til at vi, på vegne av KrF, bestemte oss for å gje støtte til dei, som etter vår vurdering, har lagt fram det mest truverdige budsjettet, økonomiplanen og plan for oppfølging, slik at vi skal få balanse igjen i økonomien.

Vi er klare over at dette vil gjera vondt for innbyggjarane våre. Ja, vi skulle så veldig gjerne kunna styrkt gode tiltak heller enn å måtta redusera dei. KrF-hjertet vårt har det veldig vond til liks med alle andre politikarhjarte. Vi er ikkje meir robuste enn andre i så måte. Når vi då likevel stemte for nedtrekka, var det for at vi på lengre sikt på nytt skal kunna byggja opp tenestene våre i samsvar med ein ny og betre økonomisk situasjon.

No kjem uansett den utfordrande kvardagen der det er viktig at politikarane står saman om å støtta og motivera dei dyktige medarbeidarane omkring i tenesteområda våre. På vegne av KrF vil vi ta ansvar ved å opptre konstruktivt og støtta dei som har teke på seg det krevjande ansvaret det er med å få leia oss gjennom denne vanskelege tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

KrF sin inngang til budsjettet for 2024 var at vi skal gjera det vi kan for å unngå å måtta innføre eigedomsskatt. Det har vi lova veljarane våre. Ut frå programmet vårt kan ikkje KrF utelukka innføring av eigedomsskatt i perioden 2023-2027, men for reelt sett å få orden på økonomien, meiner vi at det ville vera uklokt å innføra eigedomsskatt no, og på den måten forhindra nødvendige tiltak for å redusera kostnadsnivået.

Så vil Bjørnafjorden KrF måtta ha ein prosess i partiet for å vurdera om det likevel vert påkrevd å innføra eigedomsskatt i løpet av perioden. Vi vonar at flest mogleg vil bli med oss i denne prosessen.

Jakob Enerhaug

Gruppeleiar Bjørnafjorden KrF

Bjarte Samnøy

1. vara Bjørnafjorden KrF