Vil forsvinna: Barna, dei kjæraste me har, vil mista eit viktig og nært kultur- underhaldnings- og lesetilbod. Ein bit av dei levande bygdene som er så viktige for oss i Bjørnafjorden kommune, vil forsvinna.

La bokbåten leve!

Om bokbåten Epos vert nedlagt, vil grisgrendte strøk i Vestland bli fattigare.

Barna, dei kjæraste me har, vil mista eit viktig og nært kultur- underhaldnings- og lesetilbod. Ein bit av dei levande bygdene som er så viktige for oss i Bjørnafjorden kommune, vil forsvinna.

Me er vitne til ei digitalisert verd, med gode, raske og enkle løysingar. Likevel kan ikkje e-bøker og skjermunderhaldning erstatta handskriven historie, levande folk, og kjensla av samhald når klovnen, eller heksa på Epos tek oss med på spenning og sprell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle skulane våre har ikkje eit tilbod om å bibliotek i umiddelbar nærleik. Dette flytande kulturhuset med bøker, teater, latter og glede er eit kjærkome og nødvendig tilskot i skulekvardagen.

Me kan ikkje vera vitne til at 6.000 barn og unge i Vestland skal miste eit så flott og levande kulturtilbod som Epos er.

No trengs det midlar, no trengs det handling.

Bjørnafjorden Arbeidarparti vil stilla seg bak oppropet la bokbåten leve, og ber Vestland Arbeiderparti gjere det same.

Line Furubotn Storum

Bjørnafjorden Arbeidarparti