DEBATT

La elvene leve!
“Vi er no komne dit at tida for nye, store vannkraftutbyggingar i Noreg er over”. Det sa Jens Stoltenberg i nyttårstalen sin i 2001. Og vi trudde på det han sa.
Men det viser seg at både Stoltenberg og ei rekke andre grå politikarar no vil sleppa storstilt utbygging laus i dei verna vassdraga våre.
Det er eit angrep på villaksen, på fossekallen, på elvemuslingane. Det er eit angrep på økosystema, det biologiske mangfaldet og på sjølve eigenverdien til dyr og urørt natur i Noreg.
To av tre norske elver og 7 av dei 10 høgaste fossane våre er allereie bytta bort og øydelagde. Og no opnar Høgre, Frp, Senterpartiet og Arbeidarpartiet opp for å byggja endå meir - utan utgreiing eller offentleg debatt.
Einar Gerhardsen sa allereie på 60-talet at «så lenge kampen står om det enkelte vassdraget, kan det alltid mobiliserast så mange argument og så mykje politisk press at utbyggingssynet sigrar. For å unngå ei utvikling der Noregs eineståande natur blir spist opp bit for bit, var det naudsynt å få ein samla plan der ein bindande og konkret hadde fastslått kva for vassdrag som skulle fredast og kven som skulle byggast ut».
I dag argumenterar stortingsfleirtalet med flomvern og høge strømprisar. Men poenget til Gerhardsen var nettopp at vern skulle bety vern, også når det finst «gode argument» og press for å byggja ut. Vernet vart oppretta for å hindra at politikarane får panikk og legg naturen vår i røyr, berre for å lage ein «quick fix» i vanskelege spørsmål.
Vern må bety vern - alltid!