Landsmøte: Joachim Reuter og Terje Søviknes deltok på FpU Landsmøtet 2024 i Oslo.

Landsmøte i Fremskrittspartiets Ungdom

Joachim Reuter debuterte på talarstolen med eit engasjert innlegg.

Helga 13.-14. april avholdt Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) landsmøte. Frå Bjørnafjorden deltok Joachim Reuter på sitt første FpU-landsmøte, medan underteikna representerte moderpartiet Frp.

Reuter debuterte også på talarstolen med eit engasjert innlegg for utvikling av norsk kjernekraft basert på såkalla små modulære reaktorar (SMR). Bergensbaserte Norsk Kjernekraft AS, med mellom anna Trond Mohn som investor, ynskjer no å etablera slike anlegg fleire stader i Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Engasjert: Joachim Reuter debuterte på landsmøtets talarstol med eit engasjert innlegg om kjernekraft.

Reuter poengterte at moderne kjernekraft gjev rein energi utan klimagassutslepp, er subsidiefri, har låg risiko, treng lite areal og vil vera heilt naudsynt for å skaffa nok rimeleg energi til innbyggjarar og næringsliv. Frustrasjonen er difor stor overfor Ap/Sp-regjeringa som ikkje legg til rette for utvikling av neste generasjons kjernekraft.

FpU vedtok elles nytt program for perioden 2024-26 med tittelen Frihet, vekst og velstand i utfordrende tider. Her set FpU fokus på både lågare skattar, verdiskaping, utdanning, helse, infrastruktur, energi, kriminalitet, innvandring og forsvar. Ein blå tråd gjennom programmet er auka personleg fridom i kombinasjon med personleg ansvar.

Etter svært gode skulevalresultat i 2021 og -23 var det stor stemning på landsmøtet. Ungdomspartiet rekrutterer godt, og legg stor vekt på skulering av medlemer og tillitsvalde. Det viste også igjen i landsmøtet gjennom svært gode debattar. Her mangla det ikkje på engasjement, tydelege meiningar og heftige punchlines.

Simen Velle, som allereie har tatt ungdomen med storm både i debattar og på Tik Tok, vart attvald som leiar for ein ny periode. Med seg får han eit sterkt sentralstyre som no rettar blikket mot stortingsvalet i 2025. Målet er klart: FpU skal vinna skulevalet, og bidra til å få bytta ut den sittande Ap/Sp-regjeringa.

Terje Søviknes

2. nestleiar FrP