Alt for ofte blir born og unge lytta til utan eigentleg å bli tatt på alvor. Vi vil at dei skal ha reell makt og innflytelse, både i nærmiljøet sitt og over framtida si.
Alt for ofte blir born og unge lytta til utan eigentleg å bli tatt på alvor. Vi vil at dei skal ha reell makt og innflytelse, både i nærmiljøet sitt og over framtida si.

Lesarbrev: 1 million kroner til ungdomsfond

Barn og ungdom er framtida, og difor er det viktig at vi satsar på dei. Arbeiderpartiet vil oppretta Ungdomens kommunestyre i Bjørnafjorden, og vi vil at det skal bli noko meir enn eit høyrings- organ.

Alt for ofte blir born og unge lytta til utan eigentleg å bli tatt på alvor. Vi vil at dei skal ha reell makt og innflytelse, både i nærmiljøet sitt og over framtida si.

Difor vil Arbeiderpartiet oppretta eit ungdomsfond på 1 million kroner, som ungdommens kommunestyre skal disponera. Enkeltpersonar, elevråd og frivillige lag og organisasjonar skal kunna søkja Ungdomsfondet om midlar til tiltak som kjem born og unge til gode. Kanskje er det ein ungdomsgjeng som ønskjer å bygga eit stupebrett i den lokale badevika, eller eit grendalag som vil byggja ei skaterampe i nærmiljøet, eller eit ungdomslag som vil arrangere LAN-party, eller ein musikkfestival som treng støtte til å leiga inn ein artist som ungdommen faktisk ønskjer å høyra på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi trur ungdommane sjølve er mykje betre skikka enn middelaldrande politikarar til å svara på kva ungdomane ønskjer seg. Kanskje ville dei ikkje støtta nokon av dei eksempla vi kjem med. Kanskje dei heller vil støtta ein haldningskampanje mot kroppspress, eller kurs i kompostering for å motverka klimaendringar, eller støtte til julegåver til born som veks opp i fattigdom, eller utbetring av ein tursti slik at klassekameraten med rullestol òg kan delta når det er turdag på skulen?

Vi trur på ungdommane. Vi trur at tiltak dei sjølve har fått velja ut vil bli mykje meir vellukka enn tiltak som vaksne har synsa seg fram til, sjølv om dei vaksne har synsa i aldri så god tru og meining. Vi trur ungdom har godt av sjå at ei sak dei brenn for kan bli realisert, om dei er villig til å jobba for ho. Vi trur ungdom veks på å bli vist tillit og få ansvar.

Vi trur òg ungdommane lærer av å gjera feil. For over tid kjem dei heilt sikkert til å kasta nokre kroner ut vindauget på mislykka prosjekt. Men heilt ærleg! Heller ikkje i vaksenpolitikken manglar det prosjekt som er for dårleg utgreidde og der budsjetta sprekk så det susar etter, både her til bygds og andre stader.

Arbeiderpartiet tar dei unge på alvor, vi viser dei tillit, og vi gjev dei ansvar.

Trine Lindborg

Ordførarkandidat

Gisle Hesjedal

4. kandidat

Bjørnafjorden Arbeidarparti