Intensjonsavtalen frå 2016 mellom Os og Fusa om kommunesamanslåing seier nei til eigedomsskatt i Bjørnafjorden kommune. Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, og gruppeleiar for Ap i Os, Helge Steinum, var begge med å framforhandla intensjonsavtalen.
Intensjonsavtalen frå 2016 mellom Os og Fusa om kommunesamanslåing seier nei til eigedomsskatt i Bjørnafjorden kommune. Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, og gruppeleiar for Ap i Os, Helge Steinum, var begge med å framforhandla intensjonsavtalen.

Lesarbrev: Arbeidarpartiet seier nei til eigedomsskatt

Bjørnafjorden Arbeidarparti seier klårt og tydeleg nei til eigedomsskatt. Det har vi sagt heile vegen. Likevel får vi stadig meldingar frå veljarar at dei i samtalar med politikarar frå andre parti blir fortalt at vi vil innføra denne skatten.

Under valkamp prøver alle parti å framstilla sin eigen politikk i eit best mogeleg lys. Det forundrar oss likevel at politikarar frå enkelte parti er villige til å lyga til innbyggarane i Bjørnafjorden om sine politiske motstandarar. Det er skitten valkamp.

Intensjonsavtalen frå 2016 mellom Os og Fusa om kommunesamanslåing seier nei til eigedomsskatt i Bjørnafjorden kommune. Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, og gruppeleiar for Ap i Os, Helge Steinum, var begge med å framforhandla intensjonsavtalen. Og alle våre 13 kommunestyrerepresentantar i Os og Fusa røysta for avtalen. Etter at Ap i Os og Fusa gjekk saman til Bjørnafjorden Ap, har vi einstemmig vedtatt program for 2019-2023 der det står «NEI til eigedomsskatt».

Artikkelen held fram under annonsen.

Medlemene i Bjørnafjorden Ap ønskjer ganske enkelt ikkje eigedomsskatt. I motsetning til enkelte andre parti har vi fast prosedyre for at vi alltid vedtar partiprogram før vi vedtar nominasjonslista vår. Det betyr at alle våre 41 listekandidatar var kjent med programmet før dei sa ja til å bli valt inn på lista, og alle 41 har forplikta seg til å følgje det vedtekne programmet.

Ei stemme til Arbeiderpartiet er ei stemme til NEI til eigedomsskatt. Og skulle du av andre årsaker enn eigedomsskatt likevel bestemma deg for å røysta på eit anna parti, kan du trygt senda ein slengjar til kven som helst av våre 41 kandidatar i trygg forvissing om at det òg er ein slengjar til NEI til eigedomsskatt.

Med ønske om ein vidare valkamp utan løgn om politiske motstandarar.

Trine Lindborg

Ordførarkandidat

Atle Kvåle

2. kandidat og ordførar i Fusa

Øystein Oen

Leiar

Bjørnafjorden Arbeidarparti