Milliardinvesteringar som ein ferjefri E39 vil krevje kjem til å gå sterkt utover tenestene som fylkeskommunen skal levera. M.a. rassikring, trygge vegar av dei me allereie har, busslommer, fleire avgangar, vidaregåande skular og tannhelse i distrikta.
Milliardinvesteringar som ein ferjefri E39 vil krevje kjem til å gå sterkt utover tenestene som fylkeskommunen skal levera. M.a. rassikring, trygge vegar av dei me allereie har, busslommer, fleire avgangar, vidaregåande skular og tannhelse i distrikta.

Lesarbrev: Ferjefritt E39 er eit trugsmål mot «regnskogen» på Vestlandet

E39 er som gaukungen i sporven sitt reir: Han har ingenting der å gjera, sparkar ut dei andre ungane til sporvemora og vert åleine att, grisk og umetteleg.

Ein motorveg frå Kristiansund til Trondheim, somme stader ein glupsk firefelts, har dei tenkt ut desse høge herrar i departement, vegvesen og kapital. Det trengs ein ferjefri «autobahn» tilrettelagt for framtida, lyder omkvedet. For kven trengst dette, må tilkvedet lyde då.

Ferjer er visst ikkje bra lenger. Heller ikkje urørt natur er bra når asfalten skal rullast ut. Som ei kjempelang tunge legg «det svarte» seg utover eng og myr, gjennom skog og kratt og over sjø. Eit av døma er særs skremmande. Gjennom ein av Noreg sine få urørte «regnskogar» skal ein firefelts strekning rase over Reksteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hordfast er ein eigen lobbyorganisasjon som arbeidar på oppdrag for NHO sine medlemsbedrifter i regionen. Dei store partia Ap og Høgre diltar etter desse i jubelrusen sin. Ap som ofte talar om samfunnsansvar bør verkeleg tenkje nøye over kva dei vil prioritera i det nye Vestland. Vil dei ha tap av unik urørt regnskog, mindre førebygging mot at fleire liv går tapt på farlege vegar, eller tene næringslivet sine interesser?

Reksteren er heilt spesiell i norsk natur med fleire artar på lista over truga vekstar og insekt. Det er ein unik norsk regnskog med særeigne lavartar, aunestikkar og blodigle. Desse er verna og mange av dei omlag 30 plassane dei er funne på ligg tett på den planlagde traseen. Området har dessutan viktige arkeologiske funn frå stein- og bronsealder. I tillegg er øya eit viktig friluftsområde.

I følge Klassekampen 29. juli, bryr ikkje Vegvesenet seg noko særs om dette. Dei tenkjer først og fremst på det økonomiske aspektet og ikkje på biologisk mangfald. Det er oppsiktsvekkande når ein tenkjer på at Naturpanel til FN sin rapport frå i sommar fortel om krise i biologisk mangfald globalt. Sterke kapitalkrefter er altså særs interessert i ein effektiv «næringsveg» tvers gjennom kyst-Noreg. Ein annan ting er at ferjer og tap av arbeidsplassar er heilt borte i diskusjonen. Det er ikkje få arbeidsplassar ein talar om då langs kysten.

Milliardinvesteringar som ein ferjefri E39 vil krevje kjem til å gå sterkt utover tenestene som fylkeskommunen skal levera. M.a. rassikring, trygge vegar av dei me allereie har, busslommer, fleire avgangar, vidaregåande skular og tannhelse i distrikta. Dei milliardane som går bort på dette prosjektet, skaper og meir klimautslepp. I ei tid der klimaendringane har dramatiske konsekvensar globalt og lokalt, med flom og ras, krev det at politikarane prioriterer liv og helse for innbyggarane. I staden for gigantomanien ferjefri E39, sats på oppgradering av jarnbane og vegstrekningar, og få gods over på elektrifisert sjøfart og bane. Raudt meiner eit ferjefri E39 ikkje er bærekraftig og går i mot prosjektet.

Jeanette Onarheim Syversen

Ordførarkandidat for Raudt i Vestland fylkesting

Kristina Alexa Bøyum Budal

1.kandidat for Rødt i Bjørnafjorden