Hummar: Det er ikkje lov å fiska hoer med rogn, så denne vert kasta ut att.

Vert etter mi meining heilt feil

Dersom det er slik at hummarbestanden er truga, må det kunna gjerast heilt andre tiltak enn å stengja ute område for fisking.

At lokalbefolkninga skal verta pressa til å reisa lenger for å utøva dette fisket, er etter mi meining heilt feil. Då vert andre område endå hardare beskatta enn dei er i dag.

Det er få eller ingen som i dag tek årene fatt for å koma seg på sjøen. Dei fleste har moderne, hurtigåande båtar med motor, så å reisa litt lenger med teinene, er ikkje noko problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvering av teinetal og fisketid

Kanskje ei halvering av teinetalet til fem teiner og fisketid kun i oktober månad kunne vera på sin plass? Eller kanskje tre teiner for fritidsfiskarar er nok?

Dersom ein i løpet av ein månad kunne trekkja sine fem teiner 10-15 gonger, så blir det 50-75 trekk.

Det skulle gjera det godt mogleg å få nok fangst til skalldyr-kosen, og attpåtil bidra til å oppretthalda bestanden. Samtidig får ein oppleva spenninga med dette fisket og den rekreasjonen det medfører.

Yrkesfiskarar bør kunna redusera tilsvarande i prosent.

Ulovleg fiske før 1. oktober

Så stiller eg spørsmål ved ulovleg fiske før 1. oktober. Kor mykje hummar blir teke i for eksempel krabbeteiner, og hamnar "i gryta" i staden for i sjøen?

Ulovleg fangst før tida er nok med på å belasta bestanden, så her bør det bli hyppigare kontroll og mykje høgare bøter.

Eg har sjølv fiska hummar, om ikkje samanhengande, sidan eg var liten gut. Eg forstår veldig godt reaksjonen folk har på innføring av fredingsområde.

Hausten 2021 fiska eg med 10 teiner som eg trekte to gonger. Då hadde eg nok til julekosen. Det er ikkje nødvendig å sopa opp all hummar kvart år, for så å kanskje oppleva totalfreding ein gong i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingvar Hope