Noko av det mest absurde med framlegget om gratis skulemat er at det ikkje tek høgde for noko anna enn utgiftene ved innkjøp
Noko av det mest absurde med framlegget om gratis skulemat er at det ikkje tek høgde for noko anna enn utgiftene ved innkjøp

Lesarbrev: Høgre meiner kunnskap er rett prioritering

Vi håpar Arbeidarpartiet vil vere med på å diskutere innhaldet i skulen, og korleis vi kan hjelpe flest mogleg elevar framfor å gje velferdstiltak.

For at skulen ikkje skal reprodusere sosiale skilnader må vi gjere kvaliteten bedre.

Når Arbeidarpartiet sin største sak i denne valkampen er gratis skulemat, bør det ringe nokre bjeller. I Vestland er deira fremste skulesak å gje gratis skulefrukost til alle elevar. Det er lenge sidan vi har høyrd nokon frå Arbeidarpartiet lansere framlegg om korleis vi skal hindre fråfall, gjere lærarane bedre eller korleis vi stoppar mobbing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre er ikkje imot skulemat, og tykkjer at dei skulane som prioriterer dette innan sine eigne budsjett, skal få lov til å gjere det. Likevel meiner vi at gratis skulemat er feil prioritering. I Høgre er vi meir opptekne av å snakke om korleis vi kan få bedre lærarar. Derfor har regjeringa gjort lærarutdanninga til ein 5-årig mastergrad, og satsa rekordmykje på etter- og vidareutdanning.

Noko av det mest absurde med framlegget om gratis skulemat er at det ikkje tek høgde for noko anna enn utgiftene ved innkjøp. Ingen veit kva det vil koste å byggje om skulane, kven som skal smøre maten eller kostnadene med utstyret. Sjølv lærarene er bekymra for om dei må bruke den knappe tida dei har frå før - til å smøre brødskiver. Det er ein dårleg idé, og endå dårlegare bruk av læraren si tid.

Politikk handlar om prioriteringar. Om ein vel å prioritere gratis skulemat, må ein nedprioritere noko anna. Det som har skjedd i Hordaland er at Arbeidarpartiet har fjerna midlar til elevinspektørar. Ein person som var bindeleddet mellom elevane og skuleleiinga. Når elevane treng nokon å snakke med, vil eg tørre å påstå at elevinspektøren spelar ei større rolle enn brødskiva ein får frå Arbeidarpartiet.

Det er vanskeleg å seie i mot at sunn mat er bra for elevene. Likevel kan vi sjå til Finland som har nokre av dei beste skuleresultata i Europa. Dei har gratis skulemat, men all forsking viser at det ikkje finst nokon samanheng mellom gratis skulemat og utjamning av sosiale skilnader i skulen.

Høgre trur ikkje at pensum, læraren og frafallet blir plutseleg bedre hvis vi gjev gratis mat. Vi ønskjer å satse på skulen sitt viktigaste verktøy, nemleg læraren. Derfor håper vi Arbeidarpartiet i tida framover vil bli med å diskutere korleis vi kan gjere innhaldet i skulen bedre, framfor å berre gje velferdstiltak som ikkje fungerer.

Marie Bruarøy

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Høgre

Silja Ekeland Bjørkly

Ordførarkandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestland Høgre