Fellesskap: Vi har alle eit grunnleggande behov for å høyra til og vera del av eit fellesskap.

Løft blikket, vi treng kvarandre!

Dette er mottoet for årets tema på Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober.

Det er rart med oss menneske. Det er snart åtte milliardar av oss på kloden. Sjølv om vi veks opp under ulike kår og i ulike kulturar, er det mange universelle sanningar om det å vera menneske.

Alle har ei psykisk helse. Altså kan alle ha psykisk vondt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre av oss er plaga av kroniske psykiske smerter, medan andre opplever kriser, hendingar og påkjenningar som skadar den psykiske helsa for kortare eller lengre tid. Sår kan gro, men arra kan ofte vera der resten av livet. Det kan vere hendingar og påkjenningar vi rett og slett har gløymt eller fortrengd som kjem opp igjen og gjer oss redde, urolege og sjuke. Det kan også vera akutte hendingar som skjer i livet vårt nett no.

Slik er det å vere menneske, trur eg. Det vi opplever gjennom livet pregar og formar oss på godt og vondt. Einsemd og utanforskap er sentrale utfordringar for den psykiske folkehelsa. SSB og Levekårsundersøkinga frå 2020 viste at 11 prosent av befolkninga var mykje plaga av einsemd. Det har vore ei jamn auke i opplevd einsemd blant ungdom.

Alle kan få psykisk vondt.

Men det kan vere forskjell på kor vondt vi får, og kor lang tid det tar før vi kjenner oss betre og sterkare. Det er mykje som spelar inn på kor robuste vi kjenner oss i møte med motgang og påkjenningar. Dette kan også endra seg både med alder og livserfaring. Men éin ting er i alle fall sikkert: Band til andre menneske er heilt nødvendig for god psykisk helse. Både for å førebyggja og gjera oss betre i stand til å tola og orka det som er vondt og vanskeleg, men òg for å behandla og reparera.

Du og eg har nok veldig mykje til felles, sjølv om vi ikkje kjenner kvarandre.

Vi kan gå kvar for oss med mørke, slitsame tankar og tunge bører. Vi sit ved sida av kvarandre på jobb, på bussen, på skulen. Vi passerer kvarandre på butikken, på kjøpesenteret, på gata - og kan kjenna oss veldig åleine om å ha det tungt og vanskeleg.

Ja, vi treng psykologar, psykiatrar og andre helsearbeidarar og profesjonar. Men vi treng også kvarandre, vera trygge og bli sett!

Vi har alle eit grunnleggande behov for å høyra til og vera del av eit fellesskap. Det kan vera vanskeleg å kjenna at ein høyrer til eller trengst i eit samfunn kor det er så lett å kjenne seg mislukka og utanfor. Nålauga ein føler ein skal «skvisa» seg igjennom for å passa inn, passar ikkje for nokon av oss trur eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er difor viktig at vi trygger kvarandre på at fellesskapet treng nettopp deg!

Du i eigenskap av å vera nettopp deg, er nemleg ein viktig ressurs.

Fakta viser at det å gjera noko for andre er ein av dei mest effektive tinga du kan gjera for di eiga psykiske helse. Forstå at det du kan bidra med faktisk både kan hjelpa andre, og hjelpa deg sjølv til å kjenna deg betre og gi livet meir meining.

Du trengst, både for deg sjølv og for andre! Det kan ha stor betydning for andre at vi til dømes melder oss som frivillige, enten gjennom organisasjonar og lag du allereie kjenner, eller gjennom frivillighetsssentralane våre. Vi treng deg som frivillig på t.d sjukeheimane, på Ung Arena på Osøyro og i Eikelandsosen, i utlånssentralen BUA, i felleshagen ved Prestegarden og mange andre stader.

Nokon treng deg, det er heilt sant. Like sant er det at du også treng andre.

Vi treng kvarandre. Løft blikket. Ingen av oss er berre den du ser!

Les meir på verdensdagen.no, os-vestland.frivilligsentral.no og fusa.frivilligsentral.no.

Trine Lindborg

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Bjørnafjorden kommune