Vern: Dei borna som overlever, har inga vern mot dei krigsbrotsverka som no blir gjort kvar einaste dag.

Lyssetting av rådhuset i israelske fargar?!

Dette framlegget må ikkje få fleirtal.

I sakslista til kommunestyret i Bjørnafjorden kommune er det ein interpellasjon frå Jakob Enerhaug, KrF. Han set fram forslag om å lyssetja kommunehuset i israelske fargar.

Les også
Føreslår å lyssetja rådhuset i dei israelske fargane

Eg forstår at hendingane 7. oktober går inn på han, slik det også gjekk inn på med meg. Israel tek ei forferdeleg hemn, bombing av Gaza natt og dag. Til no er 5.000 palestinarar drepen. Halvparten av dei er born.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er i strid med FN sin barnekonvensjon.

«Artikkel 3:

1. Partene påtar seg å sikre barnet den beskyttelse og omsorg som er nødvendig for barnets trivsel

Artikkel 6:

1. Partene erkjenner at hvert barn har en iboende rett til livet.

2. Partene skal så langt det er mulig sikre at barnet overlever og vokser opp.

Artikkel 8:

1. Partene forplikter seg til å respektere barnets rett til å bevare sin identitet, herunder statsborgerskap, navn, familieforhold som anerkjent av loven, uten ulovlig innblanding.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei borna som overlever, har inga vern mot dei krigsbrotsverka som no blir gjort kvar einaste dag. Bomber regnar over hustaka. Det er ingen stad dei kan vera trygge. Foreldra prøver desperat å finna vern mot angrepa, men det finst ikkje.

Les også
Eg forsvarar ikkje Hamaz, men….
Les også
Er Hamas vei til fred og frihet for menneskene i Midt-Østen?

Bomber rammar FN – skular, kyrkjer, moskear og helseinstitusjonar. Utslite helsepersonell prøver å redda liv der det er mogeleg, utan tilgang til reint vatn, medisinar eller nok straum. Born vert opererte utan smertelindring. Liv som kunne vore redda, går tapt.

Makthavarane i Vesten er tause og signaliserer til ein generasjon av born og unge, at deira liv ikkje er like viktige som andre sine liv. Det vert sagt at born og unge er framtida, håpet og moglegheita for endring. No går det føre seg eit folkemord som stilnar dette håpet for mange born for alltid.

Les også
Finnes det et fristed for jøder?

Framlegget frå Jakob Enerhaug må ikkje få fleirtal. Israel viser ingen respekt for folkeretten i angrepa deira på palestinarar. Grensa for kor omgrepet sjølvforsvar kan nyttast, er overskride for lengst.

Det er mange sivile som lir i denne krigen, mest av alle lir dei som bur i Gaza, men også palestinarar som bur på Vestbredda, der 95 er drepne og 1.650 er skada.

Om kommunestyret vedtar lyssettinga av kommunehuset i israelske fargar, er det det same som at dei stør mord på palestinske sivile, og at ein godtek dei valdshandlingane som går føre seg både i Gaza og på Vestbredda.

Åse Vaksinen Sælensminde