Dugnadsånda: Den gode dugnadsånda i bygda vår er sterk. Den klarer ingen ta frå oss!

Me trudde mest ikkje våre eigne auge

Me ber alle involverte om å snu alle steinar slik at det mange har jobba for, vert realisert.

Me trudde mest ikkje våre eigne auge då me las i lokalavisa vår at kommunedirektøren av mykje omtalte grunnar, kom med forslag om å avslutta prosjektet Steinavika på Baldersheim.

Å få laga Steinavika til eit flott friluftsområdet er det mange eldsjeler i Baldersheim Bygdalag/andre i bygda, som har jobba hardt for. Pengar har vorte søkt om/samla inn til prosjektet. Det er berre å ta av seg hatten for alt dei har gjort!

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg vart tallause timar dugnad lagt ned i 2020, med å fjerna all skogen på området. No er det på veg til å gro att.

Les også
Steinavikjo har blitt ny etter iherdig dugnadsinnsats: – Positivitet over heile linja
Les også
Løyvde to millionar til friområdet i 2020. No meiner kommunen prosjektet bør avsluttast

Når me ser gleda og entusiasmen hos barn og barnebarn når dei i helger og ferier nyttar seg av skuleplassen og leikeapparata der, kan me berre forestilla oss kva ein plass som Steinavika Friluftsområde vil bety for dei og alle oss andre.

Det er nemleg ikkje berre snakk om oss her på Baldersheim, for her i bygda ønskjer me velkomne alle som vil vera med oss.

Baldersheim har i dag fleire små, fine badestrender og desse er flittig brukt av hyttefolk og folk frå andre bygder. Fleire har uttrykt at det er kjekt å føla at dei er så velkomne.

Litt trongt om plassen kan det vera til tider, men mangt eit venskap har starta nettopp på badestranda.

Les også
Dette området kjem alle innbyggjarane i kommunen til gode

På Baldersheim er folk vane med mykje dugnad. Benker og bord på badestranda er laga av flinke folk, og materialar til desse er gjevne av privatpersonar. Fin grillplass er laga.

Den gode dugnadsånda i bygda vår er sterk. Den klarer ingen ta frå oss!

Pensjonistlaget som vart skipa i mai -23 av 26 personar, tel i dag 83, frå tre bygder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me la i fjor sommar ned bl.a. 70 dugnadstimar på uteområdet ved Helsetunet.

I år er stranda rydda og graset der og ved rundkøyringa, vert jamleg slått. Me hjelper til så godt me kan.

Les også
Nektar å gi opp Steinavika. – Vi må få gjort noko med friluftsområdet

Kva ei ferdig opparbeidd Steinavika ville betydd, kan me berre tenkja oss. Det vil som det har vore sagt tidlegare, vorte eit stort løft for bygda, Søre Fusa - ja, for alle.

Her er det snakk om eit tiltak med allmennytteleg formål.

Ja, kankje det hadde lokka nokre fleire til den flotte bygda vår. Byggjefelt har me – med den finaste utsikt ein kan ønskja seg.

Eit av Baldersheim Pensjonistlag sine motto er å styrkja samhald i bygda og bygdene imellom, og Steinavika ser me på som eit slik tiltak.

Me ber difor alle involverte i saka om å snu alle steinar slik at det mange har jobba for, vert realisert, og ikkje minst at det vert fortgang i saka.

Dette betyr mykje!

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne-Karin Eikeland

Leiar

Baldersheim Pensjonistlag

Les også
Her skal det leggjast til rette for friluftsområde