Har du lyst til å setje deg ned her i dette uterommet for å ete ein is?

DEBATT

Medan vaniljeisen smeltar

Kven bestemmer over det offentlege rom?

I Eikelandsosen skal det no byggjast to nye hus på tidlegare kommunal grunn, på Neset og på Leiro.

Det første er tomta der det gamle kommunehuset låg på Neset (Nedre Bjellandsbolig, 123/75 og 122/26), vis a vis Fjorden Brygge, ved sida av det gamle bedehuset, der det i dag er ein parkeringsplass, og inntil nyleg ein grøn oljetank.

Her er det søkt om å få byggje ein firemannsbustad.

Den andre tomta er der Kommunetunet ligg i dag og som etter planen skal rivast for å gi plass til Samfunnspartners nye bygg som kommunen skal leige og bruke som omsorgsbustader.

Firemannsbustaden på Neset skal oppførast i same stil som Fjorden Brygge. Her fjongar eigedomsutviklar Svein Berge seg med meir av den same boksbygginga som ein ser over alt om dagen. Sikkert greie å bu i, framifrå utsikt – her rett i veggen på Fjorden Brygge, som han har henta inspirasjon frå.

At det er omsynssone på kvar side av tomta er visst irrelevant. I arealplanen heiter det om omsynssona: «Nye tiltak innanfor omsynssona skal plasserast og gjevast ei utforming, størrelse, form og materialbruk som vidarefører kvalitetane frå eksisterande bevaringsverdige strukturar». Og midt i dette skal det no kome ein ny boks. 

Sjølv om poenget kom litt bort i avisartikkelen, så skal altså Kommunetunet grusast. Her har fleire interessentar vore inne i biletet før det no er foreslått å inngå opsjonsavtale med Samfunnspartner og å byggje nytt hus som skal huse 20 omsorgsbustader, som kommunen i sin tur skal leige tilbake og drifte.

I saka ligg det også vedlegg om korleis Samfunnspartner ser for seg at dette skal sjå ut. Det beste ein kan seie om skissene er at har dei teikna inn raust med vokster og buskas.

I NRK-serien «Stygt?» seier byarkitekten i Indre Østfold kommune Therese Øijord Rustad: «Jeg vil påstå at du har et nesten 100% utbyggerstyrt Norge i dag».

Dette kjem altså frå ein kommunal fagperson. Dette burde få fleire til å hoppe i stolen, også dei som har site lenge i sin stol – les røynde politikarar.

Eg har null tiltru til denne samfunnsklassen som så å seie har frie hender. Utbyggjar Mikal Leigland skulle i sitt prosjekt ta vare på bygningar og fabrikkpipe (sardinfabrikken), men vips der kom det ei platekake (Fjordn Brygge) midt i fleisen på oss alle.

Svein Berge skulle lage rekkehus med garasje mellom senteret og vestover, og vips kom det post i kjellaren. Begge delar er ei stund sidan no. Men eg tek det med for å understreke at om ein stolar på folks korttidsminne, er det gode pengar å tene.     

Byarkitekten siterer også Plan- og bygningsloven, § 29-2: «Alle søknadspliktige tiltak, etter kapittel 20 i loven, skal inneha gode visuelle kvaliteter i seg selv, i forhold til omgivelsene sine og i forhold til dets bygde og naturlige plassering og omgivelser».

Eigedomsutviklarane vil nok seie at heilskapen ikkje er deira problem. Men det er det faktisk etter lova.    

Her må politikarane, same kva politisk farge, ta makta tilbake og gjere det dei er betalt for – å styre utviklinga.

Å meine noko om arkitektur kan synast vanskeleg og risikabelt. Vanskeleg fordi ein ikkje finn dei rette orda. Riskabelt fordi det ofte handlar om det som ein held for å vere privat. 

Her handlar det om noko som går føre seg i det offentlege rom, i eit sentrumsområde.

Det handlar om korleis det offentlege rom ser ut og at det skal vere på ein slik måte at ein har lyst å opphalde seg der. Det treng ein ikkje eksamen eller partibok for å meine noko om.

Ein test kunne vore: Har du lyst til å setje deg ned her i dette uterommet for å ete ein is? Om svaret er nei, kan grunnen vere at nokon med mykje ressursar og få idear har fått halde på som dei vil - litt for lenge. 

Morten Holmefjord


Powered by Labrador CMS