Humørfylt optimist: Mikal Leigland frå 1. april-oppslaget til Os & Fusaposten i 2021.

Mikal var ein mann eg vart glad av å møta og prata med

Nokre gonger møter du menneske som spør deg korleis du har det, som er oppriktig interessert i svaret. Mikal Leigland var slik.

Det må ha vore for kring 15 år sidan. Eg stod på Elkjøp og fekk levert ut ein 50 tommar TV.

Då høyrde eg bak meg:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ein må vel minst ha så stor TV om ein skal vera god journalist i Os & Fusaposten.

Først då eg sat i bilen på veg heimover, slo det meg kven det var som hadde snakka til meg.

Les også
Mikal Leigland har gått bort

Lun humor

I åra som følgde, skulle eg få møta på Mikal Leigland mange gonger. Ved fleire høve intervjua eg han på fabrikken i Strandvik. Me fann tonen frå første stund. Biletet av den strenge, formelle bedriftsleiaren og politikaren «rakna» fort. I staden oppdaga eg at Mikal hadde ein guteaktig sjarm. Humoren var lun og varm og den kvikke replikken sat heile tida laust.

Les også
– Han ringte meg i snitt kvar 14. dag med instruksar om korleis rikspolitikken burde løysast

Eg kan ikkje hugsa å ha møtt Mikal i dårleg humør ein einaste gong. Denne livsgleda brukte han som «inngang» i mange saker. Medan andre svartmåla situasjonen, dempa Mikal dramatikken, ufarleggjorde og bidrog til balanse.

Inntil Mikal vart sjuk, jobba han mykje. Som bedriftsleiar og politikar var han stadig på farten. Det hindra likevel ikkje strandvikaren i å ta seg tid til ein uformell prat. Det er desse augneblikka eg hugsar best og med størst takksemd. Fleire gonger møtte eg Mikal på veg til eller frå. Kvar gong vart me ståande og prata om alt mellom himmel og jord, endå så travel han måtte vera.

Nokre gong møter ein menneske som spør korleis du har det, som er oppriktig interessert i svaret. Mikal var ein slik person. Han var velmeinande og genuint oppteken av menneske og samfunnet rundt seg.

Les også
– Strandvik hadde ikkje vore det same utan Mikal

Sporty og uredd

Som journalist var det befriande å forholda seg til Mikal, også etter at han vart varaordførar. Han var aldri vond å be og svarte uredd og ærleg, med klar tale. Eg trur også innbyggjarane i Bjørnafjorden merka seg dette gjennom rolla hans som varaordførar.

Mikal var heller ikkje vanskeleg å be då Os & Fusaposten ville harselera litt med dei vidløftige planane om å laga bru mellom Os hamn og kaiområdet oppover langs elva.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å gjera 1. april-saka meir truverdig, trong me ein representant frå kommunen. Mikal var heime i Strandvik og hadde truleg meir enn nok å gjera, men svaret var ikkje overraskande:

— Det må me få til. Me må jo ha litt humor. Gondolfart i Os hamn er jo strålande. Klart eg kjem.

Me er mange som kjem til å sakna samfunnsbyggjaren og bygdaguten Mikal Leigland. Han var ein brubyggjar på fleire måtar.

Les også
Vil starta «gondolfart» med Oselvarar under Osbrua