Varemerke: Jakob Enerhaug sitt varemerke i alle saker og debatter er jo at vi skal samarbeida, og han har meir enn éin gong kritisert oss alle for det motsette.

Min kamp for Kongshaug held fram!

Anklagane og ordbruken om at eg ikkje har gjort noko for Kongshaug, er så langt fra sanninga det er mogleg å koma.

Jakob Enerhaug og Oddvar Rotvik frå Bjørnafjorden KrF har ved fleire anledningar gått til angrep på meg som følge av regjeringa sitt kutt i særtilskotet til Kongshaug.

Anklagane og ordbruken om at eg ikkje har gjort noko for Kongshaug, er så langt fra sanninga det er mogleg å koma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det at Enerhaug og Rotvik ønsker å scora nokre billige politiske poeng på min bekostning, får stå for deira rekning. Eg vel å venda det andre kinnet til og halda fram kampen for Kongshaug.

Les også
Regjeringa har kutta i støtta: Framtida i fare for Kongshaug Musikkgymnas

Eg kjem ikkje til å gå inn i ein debatt om korleis eg bruker mi rolle som ordførar. I staden for vil eg halda fram å stå på, framsnakka og kjempa for at Kongshaug skal få den støtta dei treng.

Utanom å få minister Tonja Brenna til Kongshaug, har eg gjennom hausten og våren hatt tallause samtalar og møte med stortingsrepresentantar og representantar for regjeringa. Dette har resultert i at Kongshaug har fått møtt representantar i finanskomiteen og i Utdanning- og forskingskomiteen for å fremja si sak.

Les også
Det har vore fagre ord, men ingen konkrete resultat

Eg er, til liks med Kongshaug, utruleg skuffa over at dette ikkje gikk igjennom i revidert statsbudsjett. Eg trur ikkje det hjelper at vi kranglar lokalt.

Enerhaug sitt varemerke i alle saker og debatter er jo at vi skal samarbeida, og han har meir enn éin gong kritisert oss alle for det motsette.

Eg meiner vi i denne saka heller bør stå saman og jobba opp mot politikarane i Oslo. Vår jobb no er å få dei til å forstå kor viktig Kongshaug er for musikkungdomane, ikkje berre for Bjørnafjorden, men for heile Norge. Det kjem ihvertfall eg til å gjera!

Trine Lindborg

Ordførar, Ap

Artikkelen held fram under annonsen.