Markering: Torsdag var det minnemarkering i Os sentrum.

Minnemarkering av Krystallnatta med oppfordring til å kjempe mot antisemittismen

16 israelsvener møtte opp og gjorde det til ei fin markering.

Torsdag 9. november vart det i regi av MIFF Bjørnafjorden gjennomført ein fin og verdig minnemarkering i Os sentrum av det grufulle som skjedde i Tyskland og i Østerrike i den såkalla Krystallnatta 9.-10. november 1938. Så vidt vi veit har det ikkje blitt gjort før.

16 israelsvener møtte opp og gjorde det til ei fin markering. Jakob Enerhaug (styremedlem) og Per Torgeir Nilsen (leiar MIFF Bjørnafjorden) hadde appellar om Krystallnatta og om dagens situasjon for Israel og det jødiske folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Per Torgeir Nilsen tok i sin appell opp den aukande antisemittismen. Det vi ser i vår tid minner om opptakta til 2. verdskrigen med eit stadig aukande jødehat. Den store forskjellen er at i dag finst Israel som ei trygg hamn for jødar og som står opp for å forsvare jødiske liv.

Han tok for seg nyare historie og at det tok det jødiske folk 30 år med kamp og store offer for å oppnå sjølvstende i ein liten del av det opprinnelige "Palestina", landområdet som faktisk vart gjeven som eit heimland til det jødiske folk i etterkant av fredsforhandlingene etter 1. verdskrigen.

Det kosta 6 millioner jødiske liv i Holocoust, "det store brennofferet". Mange jødiske liv kunne blitt spara i perioden 1933-1945 om verda hadde teke imot, noko ingen gjorde, sjølv etter Krystallnatta. Og no ser vi frå 7. oktober 2023 at antisemittismen aukar enormt i Frankrike, og elles i Europa. Over 1000 antisemmitiske handlinger har funne stad i Frankrike etter 7. oktober.

Vi må forsvare jødane. Og vi må sjølvsagt anerkjenne deira rett og plikt til å forsvare sin einaste sikre stad, Israel. Per Torgeir Nilsen avslutta med ein oppfordring om igjen å seie "Aldri meir!".

Jakob Enerhaug

Styremedlem

MIFF Bjørnafjorden