Utsyn frå Kolle. Samnangerfjorden og Solbjørg i bakgrunnen.

DEBATT

Motorsportsenter på Solbjørg - eit mareritt for oss på austsida av Samnangerfjorden

Slike senter må byggjast langt frå folk, liksom skytebanane.

Eg bur i Kalvegrenda, lengst nord i Bjørnafjorden kommune. Grenda ligg på austsida av Samnangerfjorden, tvers for Solbjørg, som ligg på vestsida av fjorden, på grensa til Bjørnafjorden. 

No høyrer eg at interessentar arbeider med planar om eit motorsportsenter på Solbjørg/Rolvsvåg. Som kjent fekk desse interessene nyleg tommelen ned for eit slikt anlegg på garden Våge, som ligg litt lenger nord. 

Eit motorsportsenter på denne staden vil, etter mitt skjøn, bli eit mareritt – ikkje berre for dei fastbuande på Solbjørg og nabogardane, men også for oss som bur på austsida av Samnangerfjorden.

Me i Kalvengrenda (Hope, Kolle, Øyro) vil bli hardt råka av støyen, men motorduren vil også bli godt merkande på Utskot, og vidare utover fjorden – på Holmefjord, Tveito, Samnøy, Rosvoll, Gangstø, og Øvre Boga. Duren vil sikkert også høyrast på Ådland og Matland, som ligg lengst aust i Holmefjordbygda.

Etter det eg forstår er banen planlagt bygd tett ved fjorden. Sjøloket vil leia lyden, høgt og tydeleg, over på vår side. Eg høyrer ofte motorsyklar, særleg om MC-føraren gir litt ekstra gass, som dundrar langs vegen der borte. I går kveld lytta eg til ein hjortebukk som bura, klårt og tydeleg, i lia ovom Solbjørg. Han var grov i målet. Så lytt er det over fjorden.

Eg har ingenting imot motorsport og etablering av motorsportsenter. Men eit slikt anlegg vil nødvendigvis føra med seg mykje støy. Slike senter må byggjast langt frå folk, liksom skytebanane. I det langstrekte og tynt befolka landet vårt, må det vel finnast mange stader som kan høva.

For meg er det ufatteleg at nokon i det heile vil gjera framlegg om ein plass som Solbjørg – vel vitande om at dette vil føra til mykje larm og stor ulempe, ikkje berre for dei fastbuande rundt banen, men også for oss som bur på hi sida av fjorden.

Nils Kolle

 

Powered by Labrador CMS