Inga skam: Det er faktisk inga skam å snu. Heller ikkje for Søviknes og Co.

Når ein set seg på den høge hest!

Meiner verkeleg Terje Søviknes at ein ikkje kan skifta meining i ei sak?

Ordførar Søviknes går ut i avisa og nærast gjer narr av Atle Kvåle som har snudd i synet på eigedomsskatt. Meiner verkeleg Søviknes at ein ikkje kan skifta meining i ei sak? Og, synest Søviknes, som er ordførar, det er greitt å latterleggjera ein tidlegare ordførar?

Les også
— Utan å verka flåsete, men dette er vel Atle Kvåle i eit nøtteskal
Les også
Den tidlegare Fusa-ordføraren har snudd: — Konsekvensane blir for drastiske

Det er faktisk inga skam å snu. Heller ikkje for Søviknes og Co. No veit vi at Frp prinsipielt er mot skatt og avgifter. Det kjem til å merkast i kommunen sitt tenestetilbod. Eg også veit, at vi ikkje kan redda kommuneøkonomien med eigedomsskatt, men det ville blitt eit godt tilskot i ein slunken kasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv var eg ein av dei som på årsmøte i Arbeiderpartiet var imot at eigedomsskatt skulle vera med i partiprogrammet.

I dag er det nok fleire enn Atle Kvåle i Arbeidarpartiet som ser at eigedomsskatt kunne ha vore eit godt bidrag til kommunekassen.

Åse Vaksinen Sælensminde

Les også
Kommunen skal vera for alle. Ikkje berre dei som er blanke i pelsen og har hus og hage