Førebilete: Vi har tent oss rike på å selje klimagassutslepp. No vil MDG at Noreg skal bli eit klimaførebilete for resten av verda.

Noreg må vera eit førebilete

Kvart einaste år er eit viktig år for klimasaka, og omstillinga går for sakte.

Dette valet er eit klimaval. Skal vi halde fram å vera ein av verdas største produsentar av klimagassutslepp eller skal vi gå føre og setje retninga på ei grøn omstilling?

I starten av denne valkampen varsla FN kode raud! Klimakrisa er her, dette veit vi, det er ikkje ein hypotese. Varmebølgjer, brannar og flaumar vi har sett i sommar vil dukke opp oftare og meir intenst i framtida, og årsaka er menneskelege klimagassutslepp. Dersom vi skal sikre eit godt liv i framtida, må vi ta grep i dag og kutte utsleppa, på vegne av våre born, barneborn og verdas fattigaste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei etablerte partia har svikta i klimakampen! Etter den første rapporten til FNs klimapanel i 1990, har Noreg dobla sin produksjon av olje og gass og seksdobla investeringane i olje og gass. Men vi sel stort sett varene utanlands, så det kjem ikkje på vårt eige klimarekneskap. Vi har som nasjon berre kutta 3,9% av klimagassutsleppa våre, medan nabolanda våre har kutta 30-40 prosent.

Etter at klimapanelet kom med sin rapport i august, ba FN alle land om å innstendig skjerpe klimapolitikken, slik vi er forplikta til gjennom Parisavtalen, og dei ba oss også om å stanse leiting etter meir fossil energi. Likevel går alle dei store partia til val på å framleis leite etter meir olje og gass. Nye felt er ofte ikkje produktive før det har gått 10-20 år, og Europa som er hovudmarknaden vår, seier i klartekst at dei ikkje vil kjøpe fossile ressursar i framtida.

Miljøpartiet Dei Grøne er det einaste partiet som seier klårt og tydeleg at det er uaktuelt å stø ei regjering som framleis vil leite etter ny olje. Forøvrig seier det britiske arbeidarpartiet Labour at dei ikkje vil leite etter ny olje på britisk sokkel, så det er ikkje særleg ekstrem politikk.

Vi har tent oss rike på å selje klimagassutslepp. No vil MDG at Noreg skal bli eit klimaførebilete for resten av verda. Vi vil at Noreg skal kutte våre eigne utslepp og vi har ein konkret plan for å gjera det. For å få det til, må vi over sperregrensa. Då vil vi få 8-10 gonger så mange representantar til å setje klima og miljø først.

Di stemme kan vera avgjerande. Stem MDG på måndag!

Nils-Anders Nøttseter

3. kandidat

MDG Hordaland

Artikkelen held fram under annonsen.