Ingen kan føla seg trygge: Ingen på Gaza kan no føla seg trygge. Bustadblokker, kontorbygningar og mediehus er angripne og jamna med jorda.

Norge og verda sviktar palestinarane!

Når eg skriv dette lesarbrevet, er over 200 palestinarar drepne på Gaza. Av desse er det 60 born og 40 kvinner.

Tala aukar for kvar natt som går. Heile familiar er utsletta under israelske bomber. Angrepa held fram med same styrke. Ingen på Gaza kan no føla seg trygge. Bustadblokker, kontorbygningar og mediehus er angripne og jamna med jorda. Naudsynt infrastruktur vert øydelagt. Dei fleste av vestlege leiarar toar sine hender. Alle har vore raskt ute med å anerkjenna Israels sin rett til å forsvara seg. Men ingen ser ut til å tora å ta eit oppgjer med måten forsvaret vert utført på. Ingen ser heller ikkje ut til å villa ta tak i dei underliggjande årsakene.

Les også
En nasjonaldag uten fred

Human Rights Watch dokumenterte nyleg årsakene godt. Rapporten fortel om systematisk diskriminering og forskjellsbehandling av palestinarar med bakgrunn i deira etnisitet. Fordi dei er palestinarar. Dette har gått føre seg sidan staten Israel vart oppretta i 1948, og det skjer dagleg. Handlingane og verkemidla aukar i grusomheit år for år. Rapporten konkluderer med at Israel si langvarige undertrykking og systematiske forskjellsbehandling av palestinarane fell under begrepet apartheid og er eit brotsverk mot menneskeheita.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innhaldet i denne rapporten vert ikkje snakka om i leiande norske mediekanalar, som f.eks. NRK. Språkbruken i media dei siste dagar er også skremmande. Ein snakkar om konflikt og krig som om det er to likeverdige partar. Ein snakkar om sjølvforsvar frå israelsk side og terrorbombing frå palestinsk side. Berre eit fåtal journalistar torer å utfordra årsaka til uroa. Årsaka til uroa er at palestinarane etter kvart har fått nok. Få snakkar om dei grunnleggjande menneskerettane som vert nekta palestinarane.

Rett til sjølvstende, rett til å fritt å dra der ein vil, rett til å busetja seg der ein vil og ikkje minst - rett til statsborgarskap. Ingen snakkar om Israel sin kontroll på vatn, straum, import og eksport. Ja, til og med folkeregisteret er kontrollert av Israel. Kvar er den kritiske journalistikken? Kvar er dei kritiske spørsmåla til norske leiarar til Israel sine representantar i Norge?

Palestinarane sine handlingar dei siste dagane handlar om mykje meir enn nokre få hus det er rettsleg tvist om, slik som ambassadøren for Israel sa på NRK i Urix sist veke. Det handlar også om meir enn angrepa frå israelske sikkerheitsstyrkar på muslimar i Al-Aqsa-moskeen. Desse hendingane er katalysatoren for det som skjer no. Etter over 70 år med behandling som annanrangs borgarar i Israel, over 50 år under folkerettsstridig okkupasjon på Vestbreidda og snart 15 år med blokade av Gaza, er begeret snart fullt.

Det vi no ser vil ikkje stoppa med ei våpenkvile. Det vi ser no er ein ny generasjon palestinarar. Ein generasjon som vil ha dei same moglegheitene og rettane som resten av verda. Vi må bidra med å stø opp om dette. Regjeringa må endra politikken sin. Norge må godkjenna ein palestinsk stat. Norge må setja krav til Israel. Vi må gjera Israel ansvarlege for handlingane sine. Vi må vera villige til å straffa Israel for brotsverk mot palestinarane.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide fordømmer angrepa mot folket i Israel, men let vera å fordømma langt større krigsbrot på Gazastripa. Kvifor fordømmer ikkje Norge drap på sivile palestinarar? Ein sit igjen med eit inntrykk av Norge ikkje ser på palestinarane som likeverdige menneske.

Som den sørafrikanske biskopen og fredsprisvinnaren Desmond Tutu sa: «Hvis du er nøytral når du opplever urettferdighet, har du valgt siden til undertrykkeren».

Åse Vaksinen Sælensminde

Palestinakomiteen i Bergen

Artikkelen held fram under annonsen.