Tilleggsproposisjon: Som bønder må me forventa at regjeringa innan 100 dagar legg fram ein tilleggsproposisjon til årets landbruksoppgjer.

Ny regjering - gamal landbrukspolitikk?

Om nokre veker får Norge ny regjering. Partia som skal vera del av den regjeringa eller støtteparti , har i valkampen gått høgt på banen når det gjeld landbruk. Det lovar bra.

Som bønder må me forventa at regjeringa innan 100 dagar legg fram ein tilleggsproposisjon til årets landbruksoppgjer. Den må innehalda:

* Reelle tal om inntektssituasjonen i næringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ha ein plan for å tetta inntektsgapet.

* Ein plan for utjamning av inntektene i næringa.

Ny kurs

Ved neste års landbruksoppgjer må regjeringa leggja fram ein bindande plan for ny kurs. Det betyr:

* Mat skal produserast på norsk jord

* Fleire bønder

* Jord som er ute av drift blir teke i bruk til matproduksjon

* Særskilte verkemiddel for å få fleire til å bli bonde i tillegg til anna arbeid

* Støtte til innvesteringar og oppgradering av bygningsmassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Organisasjonane si oppgåve er å «vera på» til krava er innfridde.

Magne Djuvik