Ordførar, kva med å stilla opp personleg på foto etter Crux si fortvilande nedlegging også?
Ordføraren bør stå fram ved alle desse trasige sparetiltaka i kommunen.
Eg vil bare gi utrykk for min harme over det politiske fleirtalet i Bjørnafjorden kommune.
Ordføraren stiller opp på foto med 'alt som er kjekt', for eksempel nye kjøparar og drivarar m.m. - tydeleg etter hans smak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kva med å stilla opp personleg på foto etter Crux si fortvilande nedlegging? I saker om nedskjeringar innan skule og helse? Kvifor sender kommunen berre ein tilsett då?
Eg er ueinig med hans prioriteringar! Han bør stå fram ved alle desse trasige sparetiltaka i kommunen. Det er tiltak som forverrar kvardagen og livskvaliteten for svært mange
Kva med dei nye arbeidsplassane han skryter av? Kva om nokon der har skulebarn med litt ekstra behov? Eller har fine ungdomar som ikkje trivst med idrett?
Kva får tilflyttarane vita om korleis kommuneleiinga og det politiske fleirtalet handsamar oss i kommunen?
Eli Søvik Liland