Ta konsekvensen: - Tenk gjerne gjennom korleis de planlegg og ta konsekvensen av det de gjer, skriv Os Bondelag og Olav Botnevik.

Os Bondelag ber alle parti respektera kva dette arealet står for

Går de inn for å omdisponera dette arealet til utbygging av bustadfelt, er det ikkje mykje verdt om de i ein ”heit valkamp” heiar på landbruket .

År om anna kjem utarbeiding eller reivsjon av arealdelen i ny kommuneplan på bordet til dei valde politikarane enten i PBU eller kommunestyret. Landbruket vert etter Os Bondelag sitt syn handsama i nokre tilfelle positivt med mellom anna ”kjerneområde for landbruk” og av og til med motsett utfall.

Les også
Då Lillestøl (KrF) sa ja til å byggja på dyrka mark, var det Døsen (Frp) som hindra fleirtal

For å halde oss til ”kjerneområdet landbruk” har me hatt inntrykk av at desse stort sett har vore positivt behandla , d.v.s. ein plan er ein plan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så kjem saka om«Detaljregulering Gamle Kuhnlevegen 4» opp. Dette er ikkje berre ei postadresse. Det dette er snakk om, er tidlegare M. Hauges planteskule. Det har det vore sidan like etter 2. verdskrig, starta opp av Magnus Hauge og etter det drive av fire generasjonar, alle framifrå fagfolk og gartnarar.

Ein planteskule er der ein avlar fram plantar, i mange tilfelle frå frø til ferdig produkt. Dette har vore gjort på jordsmonn som både dreneringsmessig og ikkje minst på jordkultur, er av aller ypparste kvalitet.

Så skjer det at større konsern som t.d. Plantasjen kjem inn i kommunen og overtek denne marknaden med ferdige planter. Då er det ikkje enkelt for mindre produsentar som sit med stor kunnskap og kvalitetsprodukt som folk flest ikkje vil betala for. Dette hende også med M. Hauges planteskule. Ikkje berre vart det slutt på sjølve planteskulen, men òg den store plantekunnskapen dei sat på, og arbeidsplassar gjekk tapt.

No er det nokre år sidan dette hende. I dag står enkelte buskar og tre som skulle vore omsett for sal, att på arealet. For ukunnige kan det sjå ut som ein mindre lauvskog. Men jordsmonnet har vore og er framleis av den beste kvalitet og er i alle høve rekna som fulldyrka jord. Her står i tillegg nokre bygningar som veksthus, ekspedisjonshall og kjølerom. Det sistnemnde bygget er nok problematisk å fjerna, men veksthusa let seg fjerna om nokon vil ta dette tilbake til rein grasproduksjon og jordbruksland.

Alternativt kan det vera ” gründerar” som vil starta oppatt innafor planteproduksjon, t.d. slik det var.

Det er dette ”livsverket” utbyggingsinteresserte ynskjer å omdisponera frå LNF-område og ”kjerneområde for landbruk” fulldyrka jord til bustadområde. Samstundes har dei fått enkelte politiske parti med på dette i PBU.

ABO argumenterer i søknad om oppstart med at det er innanfor indre fortettingskjerne for Os sentrum. Alle sentrum har utgangspunkt frå gamle gardar. Dersom vi skal byggja ned alt landbruk i og rundt sentrumssonene, legg ein ned alt landbruket i gamle Os kommune!

Det har på kort tid no vorte handsama ulike forsøk på nedbygging av landbruksjorda i Os. Vi må verna om dyrka mark. Kvart einaste jorde som vert nedbygd fører til ytterlegare press på det landbruket som er att. Vi minner om at eit einstemmig storting vedtok jordvernstrategien. Han tek sikte på å redusera nedbygginga av matjord. Sentrumsutvikling kan framleis skje utan å byggja ned landbruksjorda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi minner også om kravet til buffersone. Buffersone er viktig for å skjerma landbruket samt naboane, og skapa gode forhold for alle partar.

Bøndene i Os ynskjer å produsera trygg, lokal mat til innbyggjarane i Bjørnafjorden. Aktive gardar gjev aktive kulturlandskap – viktige for folkehelsa på mange måtar.

Os Bondelag ber alle parti respektera kva dette arealet står for og deira eigen planlegging i kommuneplan-arbeidet.

Går de inn for å omdisponera dette arealet til utbygging av bustadfelt, er det ikkje mykje verdt om de i ein ”heit valkamp” heiar på landbruket .

Tenk gjerne gjennom korleis de planlegg og ta konsekvensen av det de gjer.

Godt kommunestyremøte!

Os Bondelag