Har venta lenge nok: Utøvarane i desse idrettane har venta lenge nok no.

Os Idrettspark må ferdigstillast

Frp meiner det hastar med å få ferdigstilt heile anlegget, også kampsportromma, turngropa og klatreveggen.

I samband med budsjettvedtaket for 2019 i Os kommunestyre gjekk fleirtalet FrP, H og V inn for å ferdigstilla den nye dobbelthallen i Os Idrettspark. Basert på ein kalkyle på 8,7 mill kr frå administrasjonen ynskte vi å få innreia ledige areal i 2.etasje til kampsport, utleigeareal, kontor og spiserom til dei tilsette. I tillegg skulle det etablerast turngrop og klatrevegg i eine hjørnet av dobbelthallen.

Då tilboda i anbodskonkurransen vart opna, blei det klart at kostnaden var nærare 15 millionar kroner. Etter det har diverre prosjektet stoppa opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er sjølvsagt utfordrande både for dei tilsette i Os Idrettspark og for utøvarane innan turn-, kampsport og klatremiljøet i kommunen. Desse tilleggsareala er viktige arenaer for fleire mindre individuelle idrettar, og Frp meiner vi har eit klart ansvar for å legga til rette også for desse idrettsgreinene i kommunen. Elles er det ofte dei store lagidrettane, fotball og handball, som vert prioritert.

Saka stod på sakskartet til sist møte i Bjørnafjorden kommunestyre, men blei utsett pga tidsnaud. I tilrådinga la administrasjonen opp til at ein i første omgang berre skal innreia areal til kontor og spiserom. Dei øvrige areala ville ein koma attende til etter nærare utgreiingar. Her skal ein og vurdera varmepumpe og solcellepanel som relevante energitiltak i anlegget.

Frp meiner det no hastar med å få ferdigstilt heile anlegget, også kampsportromma, turngropa og klatreveggen. Dersom det er politisk vilje i det nye kommunestyret er det rom for dette økonomisk.

Frå 2019 har ein framleis 6,7 mill kr avsett til føremålet, og i budsjettet for Bjørnafjorden kommune 2020-2023 er det sett av ein årleg investeringspost på 3 mill kr til idrettsanlegg. I tillegg vil kommunen dei komande åra få refusjon av tippemidlar knytt til dobbelhallen. Om ynskjeleg kan òg kommunestyret løyva deler av fjorårets rekordoverskot i Os kommune til føremålet.

I kommunestyremøtet 18.mars vil Frp derfor utfordra dei andre partia til å setja av ei ny investeringsramme for ferdigstilling av heile dobbelthallen i Os Idrettspark. Slik kan også mindre idrettar som kamsporten, turn og klatring få betre treningstilhøve. Utøvarane i desse idrettane har venta lenge nok no.

Terje Søviknes

Gruppeleiar

Bjørnafjorden Frp

Artikkelen held fram under annonsen.