Første skuledag.
Første skuledag.

På fotballbana eller i klasserommet?

Me treng ikkje berre prosjekt og tidleg innsats. Me treng heilskapleg innsats og nok lærarar til å sjå og høyra elevane på alle nivå i grunnskulen. Det fortener dei, skriv Geir Erland i Utdanningsforbundet Os.

LESARBREV: Innleiingsvis må eg seia at eg kan ikkje nødvendigvis så mykje som fotball. Det innrømmer eg gjerne. Så når Roald Stigen (Frp) og posisjonen i kommunestyret argumenterer for at ein ikkje treng fem trenarar for å få eit godt fotballag, men at det held med ein kjempegod, så tenkjer eg at det nok stemmer. Eg har erfaring med å ha spelt fotball i ungdomstida, og då var det kanskje dei kjempegode trenarane me lærte mest av.

Det eg derimot kan mykje om er skulen. Ikkje berre gjennom mi eiga utdanning og erfaring, men og med bakgrunn som leiar i Utdanningsforbundet Os med over 280 medlemmer i alle ledd i grunnskulen og støttesystema. Deira kunnskap og kvardagserfaringar er det eg støttar meg på når eg uttalar meg. Dette er 280 kjempegode pedagogar som leverer eit utruleg resultat. På bakgrunn av deira innsats ligg no Os kommune over landsgjennomsnittet i grunnskulepoeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter mi erfaring kan ein ikkje gjera ei så enkel likning for klasserommet som på fotballbanen. I klasserommet har ein samla alle. Ein set ingen på benken. Om ein er interessert i skule, er ikkje eit kriterium. Om ein er kjapp i beina, kjapp i hovudet eller kjapp i replikken, spelar ikkje inn. På skulen er alle velkomne, uavhengig av kvar i verda dei starta. Me tek dei gladeleg i mot og ønskjer å gjere det beste for ein kvar som kjem inn i klasserommet.

Men me treng tid. Når ein refererer til det forskinga seier om at klassestørrelse ikkje utgjer ein forskjell, kan ein ikkje sjå vekk i frå kva den same forskinga seier er aller viktigast i eit klasserom. Det er læraren og den relasjonen han eller ho har til eleven. Då må ein tre litt vekk frå forskinga og tenkja praktisk. Viss den viktigaste faktoren for at ein elev skal lukkast på skulen er om han eller ho blir sett og høyrt, kvar sikrar ein at det best skjer – i klasserommet med 30 elevar eller i klasserommet med 20?

Elevar er og menneske. Dei kjem ikkje til skulen med blanke ark. Dei treng støtte, oppmuntring, hjelp til ulikt i frå algebra til kjærleikssorg og alt der i mellom. Gi lærarane tid til å hjelpa dei med det som trengst.

Det er positivt at kommunen har fokus på skulen med Prosjekt Betre Læringsresultat og tidleg innsats. Men me treng ikkje berre prosjekt og tidleg innsats. Me treng heilskapleg innsats og nok lærarar til å sjå og høyra elevane på alle nivå i grunnskulen. Det fortener dei.

Gårsdagens gode nyheit med innføringa av ein nasjonal lærarnorm er noko Utdanningsforbundet har jobba med i mange år. Ei stor takk til politikarane som har kjempa dette igjennom!

Me gler oss til å samarbeida med Os kommune om å få denne norma på plass og håpar det vil gje ein endå betre kvardag for elevane våre.

Geir Erland

Lokallagsleiar

Utdanningsforbundet Os