Så langt det passar?: Er pendling eit fantastisk gode som tilfører samfunnsøkonomiske fantasillionar, så er det vel ikke lønsamt å opna Lyseparken? Eller er det berre «så langt det passar» at pendling er bra?

Pendling eit samfunnsøkonomisk gode – eller onde?

Mindre pendling er eit av goda med Lyseparken. Meir pendling er eit fantastisk gode når det kjem til brua over Bjørnafjorden.

Eg les i Os og Fusaposten at mange er nøgde med at Lyseparken ser ut til å verta realisert. Og eit av «goda» det fører med seg, er mindre pendling for osingane.

Det interessante er at når det gjeld bru over Bjørnafjorden, er massiv pendling ein av dei viktigaste grunnane til at brua er (av kven?) meir samfunnsøkonomisk lønsam enn indre trasé over Fusa. Altså er det ikkje måte på kor flott det er at stordabuen kan pendla til Sandsli – det er til og med så lønsamt at det gjer brua mykje betre enn indré trase over land. Slik er det med vindmøllene og, dei snur seg etter vinden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så kanskje ein skal bestemma seg. Er pendling eit fantastisk gode som tilfører samfunnsøkonomiske fantasillionar, så er det vel ikkje lønsamt å opna Lyseparken? Eller er det berre «så langt det passar» at pendling er bra?

Haldor Fosse