Utan realitet: Prognosane for auka trafikk på E39 er overdrivne og utan realitet.

Samfunnsmessig får ein mykje meir ut av pengane etter denne oppstillinga

Skal ein halda på bru over Bjørnafjorden, er det uvisst om teknologien er god nok og ein får nokså sterk kamp mot vegen vidare.

Etter å ha lese dei velskrivne innlegga frå Erling Vanvik i Os & Fusaposten og Arne Jakobsen i Bergensavisen, kjem eg også med ei vurdering av den trafikale framtida i distriktet.

Underskrivne tek utgangspunkt i eit kryss (rundkøyring) i Arnadalen (kanskje mot Espeland), der E39, Rv.7 og Rv.134 er representerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle desse kjem frå Gaupholm, som er den rette plassen til å kryssa Samnangerfjorden. På Gaupholm går E39 mot sør til Hodnaneset og mot nord til ei samansmelting med E16 til eit punkt der det er høveleg å ta av til Romarheimområdet (kan brua som ligg i nærleiken av Gammersvik nyttast?).

Når ein veit av erfaring at vegane frå aust, med jamne mellomrom vert stengde, er det naudsynt at ein får fleire innfartsvinklar.

Rv.7 går frå Gaupholm, som den turistvegen den er, til Hardanger, og hytteeigarane bør bruka den.

Rv. 134 går saman med E39 til kryss ved Vengsvatnet i nedre Hålandsdal. Herfrå går Rv.134 mot aust, via Gjøen - Øvre Hålandsdal og bru, og knyter seg til kryssing av Hardangerfjorden retning Belsnes, og vidare over Haukeli til vestsida av Oslofjorden, der ein kjem inn på god veg til kontinentet.

Frå Vengsvatnet går E39 til Røadalen-Rennesvik-Henanger-Baldersheim-Grunnasundet (er to feltsveg)-Lukksund (er to felts køyrebane)-Årbakka-Onarheim og Hodnaneset. Ein treng to felts veg med gul stripe, men med tre felt enkelte plassar (etter svensk mønster).

Grunnen til at vegen går slik frå Vengsvatnet, kjem av at Vegvesenet ikkje har funne noka god løysing på strekkja frå Kilen tii Holdhus. Dessutan vert føreslått trasé, mest flat. Tunell frå Sævareid (til Eikelandsosen) fell difor heilt vekk.

Følgjer ein dette opplegget, kan arbeidet starta ganske snart, då mykje følgjer allereie eksisterande trasear. Skal ein halda på bru over Bjørrnafjorden, er det uvisst om teknologien er god nok og ein får nokså sterk kamp mot vegen vidare.

Prognosane for auka trafikk på E39 er overdrivne og utan realitet. Lenger køyretid har vore nemnd, men ved å gå over Gaupholm, slepp ein ca. 17 km. veg rundt "Tyssepollen" og dessutan slepp ein høgdedraget over Gullbotnen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På sikt bør ein nytta sjøen meir enn idag. Kvifor skal røyr frå Jæren køyrast til Flora, då det er gode kaiplassar på begge plassar?

Konsekvensar

Desse ferjene kan leggjast ned: Kvinneherad-Skjersholmane (ny kort ferje frå Kvinnherad til området ved Jektevik/Hodnaneset), Årsnes/Gjermundshamn, Sandvikvåg/Halhjem og Tørrvikbygd/Jondal.

Varaldsøy kan få kort flytebru til Nes ved Mundheim, som på sikt vert overført til Bjørnafjorden, saman med Hatlestrand/Ølve.

Ved å leggja Rv.134 og Rv7 over Gaupholm, vil ein avlasta E16 så mykje at han kan liggja slik som han er (fram til Vaksdal), men derfrå og til Voss må utbetringsarbeidet starta straks.

All trafikk på E39 vil bli kanalisert vekk frå Bergen og Nordhordlandsbrua (sistnemde har hatt vedlikehaldsarbeid i tre år og er visst enno ikkje ferdig Kva vil eventuelt vedlikehald på Bjørnafjordbrua kosta?),

Samfunnsmessig får ein mykje meir ut av pengane etter denne oppstillinga. Ein får frigjeve stort areal til gangeleg bruk, naturen vert skåna og folk kan ha det triveleg saman.

Gudleik Østerbø