DEBATT
Sei nei til hotell på Mobergsneset!
Ikkje øydelegg denne perla av ein møteplass med eit hotell.
Naboar i området der hotellet er planlagt, har teke initiativ til eit opprop for å stogga vidare planlegging for bygging av hotell her.
Underskrivarar av oppropet viser til det viktige arbeidet som styret i Os Sjøfront og andre, over lang tid, har gjort i denne saka. Der er ulempene med eit hotell her, beskrivne i stor detalj.
Likevel er det framleis ikkje kome signal frå politikarane som står bak hotellplanen, om dei vil ta omsyn til desse viktige innvendingane mot planen.
Med denne aksjonen vil me på nytt få fram at eit hotell her vil vera til stor ulempe, ikkje berre for oss som bur her, men for heile Os.
Mobergsneset med Oseana, båthamn og badeplass er ein viktig møteplass til glede for for mange i Os. Om sommaren er her eit yrande liv av glade born og ungdomar, springande for å bada i Mobergsvikjo. På kveldstid, året gjennom, er vegen i området full av gåande på veg til og frå populære tilstellingar i Oseana.
Kjære politikarar, me ber: Ikkje øydelegg denne perla av ein møteplass med eit hotell her. Det er inga skam å snu!
Dersom eit fleirtal av politikarane i Bjørnafjorden framleis meiner at kommunen treng eit nytt hotell, er det mange meir høvelege stader der dette kan plasserast. Å plassera eit hotell på Mobergsneset vil vera stikk i strid med visjonen om god livskvalitet for alle, som har vore kommunen sitt mål for korleis Osbygda skal utviklast.
Ein populær møteplass for mange og eit godt og fredeleg buområde vil øydeleggjast, både i byggeperioden og seinare, dersom det blir bygd eit hotell her. Difor: Sei nei til eit hotell som fører til dårlegare livskvalitet for mange.
Teksten på oppropet er elles som fylgjer: «Me viser til saksdokument «1. gangs behandling av Mobergsneset 52/505» som gjeld planar om bygging av hotell på Mobergsneset i Os. Mange har protestert mot denne utbygginga i høyringssvar sendt Bjørnafjorden kommune innan høyringsfristen 10. januar 2026. Mange har også protestert ved innlegg i Os & Fusaposten, Midtsiden og Bergens Tidende. Det er, både i høyringssvar og avisinnlegg, vist til mange gode grunnar for at planen om å byggja eit hotell på på Mobergsneset bør avvisast. Underskrivarane av dette oppropet meiner at alle planar om hotell på Mobergsneset må avvisast.»
Det som er kome fram i høyringsrunden, viser at vidare handsaming av denne saka bør ha eit heilt anna utgangpunkt enn saksdokumentet som vart sendt på høyring. Eit betre utgangspunkt kunne vera dokumentet med overskrift «Varsel om endring etter forenkla prosess for detaljregulering Mobergsneset», sendt ut i fjor sommar (16.07.25) , med merknadsfrist berre på om lag ein månad (20.06.25) (saknummer (25/25/21254).
Her er ei mykje meir skånsam utvikling av området beskrive, og i brev og samandrag er bygging av hotell ikkje nemnt.
Gunnar Kvåle
Mobergsbakken 12