Christian Breistein, Kjersti Toppe
Rektor i kulturskulen, Christian Breistein, fortalde Kjersti Toppe om prosjektet på Nore Neset barneskule.

DEBATT

Senterpartiet har lenge hatt fokus på meir praktisk retta og variert skule

Kjersti Toppe og Bjørnafjorden Sp vitja Bjørnafjorden kulturskule.

Fokuset under besøket var auka trivsel på skulen gjennom samarbeid mellom kulturskulen og Nore Neset barneskule

Rektor i kulturskulen, Christian Breistein, fortalde om prosjektet på Nore Neset barneskule. I 3. klasse får elevane dette året eit nytt tilbod: 2 timar i veka vil lærarar frå kulturskulen saman med lærarane i 3. klasse samarbeida om eit praktisk retta opplegg. 

Her vil elevane få høve til å læra seg dans, ulike instrument, song, og kunst og handverk av ulikt slag. Det er eit opplegg som kan bidra til variasjon og glede i skulekvardagen. 

Prosjektet har som mål å betra skulemiljøet og trivselen for den enkelte elev.

Vi i Senterpartiet har hatt fokus på meir praktisk retta og variert skule lenge. Vi meiner dette er eit godt eksempel på korleis vi kan gje borna ein meir variert skuledag, som både aukar trivsel og kan førebygge fråfall. 

Born lærer ulikt, og for nokre vil eit slikt tilbod vera avgjerande for meistringsfølelsen.

Frå kulturskulen stiller dyktige fagfolk innan musikk, dans og kunst. Å få læra noko nytt av engasjerte spesialistar, saman med dei faste lærarane, gjev både meistring og glede.

Dette prosjektet peikar også på ein viktig politisk skilnad: Den raudgrøne regjeringa fremma i 2013 forslag om nettopp integrert kulturskule for 2. trinn, men dette blei kutta då Høgre og Frp flytta inn i regjeringskontora. 

Vi meiner at dette er eit forslag som bør takast opp att, og at det er svært positivt at dette no blir løfta gjennom initiativ frå kulturskulen. Det er viktig at kulturskuletilbodet når ut til alle born, uavhengig av bakgrunn. Dette vil også styrkja musikkfaget i skulen, og andre praktiske og estetiske fag.

Senterpartiet vil satsa på eit variert og inkluderande skuletilbod for alle, medan Høgre og Frp har prioritert kutt og meir standardisering.

Eit slikt tilbod som borna får på Nore Neset, bør bli eit tilbod på alle skular. For oss er dette ein vinn-vinn-situasjon – det gir trivsel, styrkar skulemiljøet og gjev alle born høve til meistring.

Vi er spente på å følgja prosjektet vidare og vil be om at kulturskulen får koma og informera politikarane i tenesteutvalet om sitt arbeid på Nore Neset barneskule, og alt det viktige dei gjer for barn og unge i kommunen vår.

Vi takkar kulturskulen for engasjementet og prosjektet – og ynskjer dei og Nore Neset Barneskule lukke til!

Dina Lervåg

Bjørnafjorden Sp 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS