Henrik Nordtun Gjertsen 5. kandidat på Hordaland Sp si stortingsvalliste og ungdomskandidat.
Hege Aase Tysnes 9. kandidat på Hordaland Sp si stortingsvalliste og gruppeleiar Bjørnafjorden Sp
Henrik Nordtun Gjertsen 5. kandidat på Hordaland Sp si stortingsvalliste og ungdomskandidat. Hege Aase Tysnes 9. kandidat på Hordaland Sp si stortingsvalliste og gruppeleiar i Bjørnafjorden Sp.

DEBATT

Senterpartiets matløfte

Aldri før har det vore viktigare at me produserer meir god, trygg og rein mat i Norge.

Med pandemi og krig i Europas kornkammer ser me kor sårbart samfunnet vårt er. Den usikre verdssituasjonen har sett beredskap på dagsorden. Me ynskjer velkommen ein breiare diskusjon om korleis samfunnet vårt er førebudd kriser og krig, for Senterpartiet har alltid vore beredskapspartiet.

Matberedskap handlar om å sikra folk trygg, rein og god mat, sjølv når kriser rammar oss. For å få til det, må me auke matproduksjonen, sikra bonden inntektsmoglegheiter, sikra verdikjeda for mat i heile landet og sikra konkurranse i daglegvaremarknaden. 

Me trur matpolitikk kjem til å bli viktigare og viktigare i åra som kjem. Derfor gjev Senterpartiet nå bonde og forbrukar vårt matløfte for 2030, med politikk frå jord til bord, for at både bonde og forbrukar skal få meir.

Daglegvare

Dei siste åra har Senterpartiet gjennomført ei ekstraordinær satsing på landbruket. Inntektene har auka, og rekrutteringa har tatt til. Det er bra for heile landet. Denne satsinga har òg vore ei kompensasjon for å redusera auken i matvareprisar. 

Når bonden får auka tilskot i jordbruksforhandlingane, reduserer me trykket på marknaden slik at forbrukaren skal ta mindre av kostnaden.

Dei siste åra har me derimot sett at prisane i butikkane har auka uforholdsmessig med råvarekostnadane. Samstundes har tre daglegvarekjeder tent milliardar på auka overskot. 

Senterpartiet ynskjer ein matpolitikk som gagnar bonde og forbrukar, og vil avgrensa makta til daglegvarekjedene.

Me vil gje daglegvaretilsynet og konkurransetilsynet utvida moglegheit til å følgja opp den dårlege konkurransen, sikra at dei uavhengige merkevarene har like vilkår som kjedene sine, og me vil auka konkurransen i daglegvareleddet. 

Matpolitikken skal ikkje vera til for dei få som tener mest. No er det på tide å sette handling bak krava om meir openheit i daglegvarehandelen.

Meir norsk mat er betre beredskap

I Hordaland har me eit mangfaldig landbruk. Me har den finaste, mest smakfulle frukta i fjorden, fruktbare jordbruksareal, og rikelege utmarksressursar. 

Senterpartiet har saman med eit bredt fleirtal i Stortinget vedtatt mål om å auke sjølforsyninga av mat til 50%. Då må me utnytte alle desse areala.

Senterpartiet står for ein landbrukspolitikk som styrkar mangfaldet i norsk landbruk. Ein politikk som gjer det lønnsamt å produsera meir frukt på dei areala som eignar seg til det, og mjølk og kjøt der det eignar seg. Auka norsk matproduksjon og landbruk i heile landet krev at me nyttar ressursane der dei er. 

Grunnlaget for matberedskapen ligg i matproduksjonen vår, og skal me styrka beredskapen må produksjonen henga med.

Senterpartiet har kjempa for matberedskap når andre parti valde å byggja han ned. Me protesterte når Stortinget la ned statens beredskapslagring av matkorn og vart ledd av når me foreslo å byggja han opp att. I regjering har me sikra landets matberedskap med tre månaders lagring av matkorn. Det er ikkje godt nok, men det er ein start.

Senterpartiets matberedskap byggjer på ein god produksjon og styrkt lagring av matkorn og innsatsfaktorar.

God bondeøkonomi god matproduksjon

Bonden skal ha same inntektsmoglegheiter som andre. Det gjev grunnlag for å satsa i ei næring som er fylt med risiko. Bonden må ta omsyn til mellom anna politisk risiko, marknadsrisiko og klimarisiko når ein investerer for framtida. 

For Senterpartiet er det viktig å gje bonden ei så føreseieleg framtid som mogleg. Derfor har me fått på plass eit godt inntektsmål som skal stå over tid. 

Når me no skal auke matproduksjonen trengst store investeringar i jord, driftsapparat og arbeidskraft. Ein god bondeøkonomi er fundamentet i denne satsinga. 

Senterpartiet er klar til å prioritera norsk landbruk og i åra som kjem. Me vil dobla potten satt av til investeringsmidlar slik at fleire unge kan ta steget å bli matprodusentar, og me vil løfta de produksjonane som tener minst. 

I Hordaland er me særleg opptatt av å gjera det mogleg for fleire mjølkeprodusentar å byggja om til lausdriftsfjøs. Men i botn skal me sørga for ein god produksjonsøkonomi, slik at bonden på jordet kan ta gode val, prioritera å produsera god norsk mat, og vera trygg på at Senterpartiet talar bondens sak.

Me står i ei alvorleg tid med meir global uvisse. Senterpartiets svar er å byggja opp vår eigen beredskap. I dag blir om lag 40 prosent av maten me et produsert i Noreg. Om me skal vera førebudd på kriser og krig må me auka norsk matproduksjon. 

Senterpartiet er garantisten for meir, rein og trygg norsk mat til folket. Vår matpolitikk er til for bonde og forbrukar og vårt matløfte er vår plan for korleis me skal auke norsk matproduksjon og tilby forbrukaren meir trygg norsk mat.

Henrik Nordtun Gjertsen 

5. kandidat, Hordaland Sp si stortingsvalliste

Ungdomskandidat

Hege Aase Tysnes

9. kandidat, Hordaland Sp si stortingsvalliste

Gruppeleiar Bjørnafjorden Sp

Powered by Labrador CMS