Beklagar sterkt: Som fylkestingspolitikar og stortingskandidat for partiet Raudt, beklagar eg sterkt dette vedtaket.

Stopp Hordfast-kameratane!

Onsdag 7.april vart Hordfast-kameratane etablert.

Då vedtok fleirtalet i fylkesutvalet (Ap, Sp, KrF, H og Frp) full støtte til Hordfast (E39 Ådland-Svegatjørn) i høyringsfråsegna frå Vestland fylke til Nasjonal Transportplan (2022-2033). Vedtaket skjedde etter forslag frå Terje Søviknes (Frp). (I høyringsfråsegna heiter det mellom anna at «Fylkesutvalet er likeeins glad for prioriteringa av E39 Ådland-Svegatjørn i første periode», journ.mrk.)

Som fylkestingspolitikar og stortingskandidat for partiet Raudt, beklagar eg sterkt dette vedtaket. Stortinget skal endeleg avgjera saka i midten av juni, etter at Transport- og kommunikasjonskomiteen legg fram si innstilling innan 6. juni. No gjeld det å mobilisere breidt for å gje Hordfast-kameratane eit politisk nederlag i Stortinget i juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gigantprosjektet Hordfast med bompengefinansiert firefelt motorveg og bru over Bjørnafjorden står nemleg øvst på prioriteringslista til regjeringa, kostnadsrekna til heile 37,7 milliardar kroner.

Statsminister Erna Solberg har tidlegare hevda at det vert ei ulukke for vestlandet om Hordfast ikkje kjem på plass. Raudt meiner, i motsetning til statsministeren, at det blir ei ulukke for både klimaet, naturmangfaldet, kulturminne, kystlandsskapet og andre samferdslebehov her vest om dette prestisjeprosjektet til Høgre blir realisert. Det vil og kosta over 700 millionar kroner per kilometer veg.

Raudt vil i staden prioritera på topp trygge vegar, med trafikk- og rassikring av riks- og fylkesvegane som er kraftig forsømt i heile fylket. Dette er i samsvar med vedtaket på LO Vestland sin regionskonferanse i fjor og alle miljøorganisasjonane her vest.

På sikt kan nullutstleppsferjer med hyppige avgangar over Bjørnafjorden bli erstatta av ein ferjefri indre E39-trasé med forgreining til Hordalandsdiagonalen og E134.

Kampen for å få skrinlagt gigantprosjektet Hordfast held fram.

Terje Kollbotn

Stortingskandidat

Raudt Hordaland

Artikkelen held fram under annonsen.