Suppe: Kven må bera ansvaret for denne suppa vi har hamna i?

Straumprisar på Holmefjord og Sørlandet

I år har eg blitt merksam på at vi ligg på Sørlandet. Det er jo flott, skulle berre ønskt Vårherre hadde fått med seg områdekartet til Statnett, slik at han hadde justert vêret litt, iallfall heilt lokalt her på Nord-Sørlandet.

Dagens høgdepunkt er å logga seg inn på Nord Pool. Der leitar eg etter Kristiansand for å sjå om det er rekord for morgondagen. Slett ikkje verst i dag, kr 452,2 øre som toppnotering mellom kl 21 og 22. Fram med kalkulatoren for å sjå korleis det slår ut på rekninga frå Strøyma.

Slik vert reknestykket: 329-(452-70)*0,8 + 10,5 øre = 33,9 øre.

Artikkelen held fram under annonsen.

På med billadar, kaffikokar, vaskemaskin, tørketrommel, opp med tempen på varmtvatnet. Det er i ferd med å verta mørkt, så kanskje lys både inne og ute. Hadde vore moro med utelys òg. Gassgrillen er parkert, no er det elektrisk som gjeld.

Forstod du ikkje reknestykket? Nei, det skal ikkje vera enkelt når det kan gjerast komplisert. Spør Støre om du tør!

Dessverre er prisen nede i 299 øre éin time på dagen, og då vert straumen dyrare på rekninga frå Strøyma, heile 156,3 øre.

Eg ser fram til hausten og vinteren når prisen verkeleg går i taket

Kor kjem denne galskapen frå?

For meg som privatperson er straumprisane på Sørlandet ikkje noko å klage over, så lenge det er eit pristak i avtalen med Strøyma.

For næringslivet er det derimot kritisk. Det vert vanskeleg, ja, nær sagt umogeleg å få fart på næringslivet med slike konkurransevilkår.

Hytteeigarane i kommunen føler nok og at det svir.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis har det blitt slik?

Først litt saksopplysningar:

Gamle Fusa kommune har åtte elvekraftverk med installert kapasitet på tilsaman 64,5 Gwh, i tillegg til eit magasinkraftverk på 95 Gwh. Det vert 159,5 Gwh, som tilsvarer forbruket til omlag 10.000 husstandar med vanlege folk.

Gamle Os kommune har eit mikrokraftverk på 0,2 Gwh. Jaja, det rekk vel til kaffikoking i ein husstand med vanlege folk. Finst sikkert slike der òg!

Det er eit godt, gamalt ordtak som seier at du må yta før du kan nyta. Det har nok ikkje kvitsnippane i Statnett høyrt om, for om det skulle verta lagt til grunn i denne samanhangen, var det nok osingane som skulle betalt dobbel pris.

Galskapen oppstår fordi Statnett har bestemt at det passar å trekkja grensa for område NO2 nord om gamle Fusa kommune, og dermed plassera oss saman med Sørlandet på grunn av Haugaland Kraft.

Då kolonimaktene delte Afrika seg i mellom, vart og grensene trekt noko tilfeldig. Det vart sagt at det enda slik fordi ein av utsendingane var så glad i absint.

Vi vert altså definert som eit område med underskot på energi fordi det ikkje er nok overføringskapasitet frå resten av Vestlandet eller Austlandet for den del.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er altså kapasitet til å føra straumen som vert produsert i gamle Fusa ut av kommunen.

Og kvar blir det då av straumen? Endar nok i eksportkablane den, du, Søviknes.

La det vera klart, eg er med på dugnaden om å hjelpa Europa i ei vanskeleg tid. Men eg synes det må vera eit felles løft for nasjonen, ikkje for dei som tilfeldigvis bur i eit område som har eksportkablar.

Det skulle vera enkelt nok å laga eit utjamningssystem slik at alle må vera med å dra lasset, sjøl nord for Dovre som har gratis kraft. Vasskrafta er ein felles ressurs som skal forvaltast til beste for landet og alle innbyggjarane.

Kven må bera ansvaret for denne suppa vi har hamna i? Det ansvaret må fordelast på alle som har site med makta etter tusenårsskiftet, for dette har vore varsla lenge. Berre tenk på forsyningslina som i dag endar nord om Sognefjorden.

Statnett har heller ikkje utmerka seg med raske og gode løysingar, for å seia det mildt. Det går nok ikkje å skulda dei for å vera glade i absint, men litt mykje Møllers tran kanskje.

God sommar med helsing frå Sørlandet!

Helge Ådland