Det verkar for meg som at Hordfast skal køyrast uansett og kanskje med litt panikkaktige takter. Dette er ikkje bra.
Det verkar for meg som at Hordfast skal køyrast uansett og kanskje med litt panikkaktige takter. Dette er ikkje bra.

Svar til Halleraker: Hordfast - er det ei realistisk prioritering akkurat no?

Trafikkveksten Øyvind Halleraker snakkar om for Hordfast er meir ein draum enn ein realitet uansett kva rapportar han kjem dragande med, skriv Øyvind Hardeland (Ap).

Halleraker syner til at brusambandet vil gje formidabel trafikkvekst. Korleis kan han dokumentera dette veit ikkje eg. Trafikkprognosen som er utarbeidd tar ikkje omsyn til den høge bompengeprisen som bilistane lyt betala. I dag går det om lag 3.000 bilar over dei to ferjeleia Halhjem Sandvikvåg og Halhjem-Våge. 17% er næringstrafikk og 70% av persontrafikken er fritidsreiser. Vidare er det ein føresetnad at trafikkveksten i og omkring dei store byane skal takast gjennom styrka kollektivtilbod, sykkel og gange. Denne føresetnaden gjeld også for trafikken som kjem inn til bergensområdet frå sør og difor er dette også ein føresetnad for planlegginga av Hordfast. Det kjem klart fram i saksframlegg og vedtak i fylkesutvalet den 22,02 2017.

Det er laga ein eigen rapport om korleis trafikkveksten kan handterast med kollektivreiser. Så trafikkveksten som Halleraker snakkar om er meir ein draum enn ein realitet uansett kva rapportar han kjem dragande med. Statens vegvesen og prosjektet Hordfast må halda seg til nasjonale føringar for trafikkvekst og klimatiltak. Difor er føresetnaden for ei vesentleg finansiering av Hordfast gjennom bompengar og auka trafikkvekst gjennom bergensområdet totalt urealistisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bompengeprosjekt

Det var også nemnt bompengeprosjekt som går/gjekk bra. Underteikna sit i styret for Hardangerbrua og Halsnøysambandet. Her må innkrevingstida utvidast med fleire år for å koma i mål.

Utanom Hordfast har me følgjande bomprosjekt. E16 Stanghelle-Voss med første prioritet, E134 og E39 VåbsbotnKlauvaneset.

Politisk

Arbeiderpartiet stør målet om ferjefri E39, men me har sett klare føresetnader for den vidare gjennomføringa av prosjektet. Det er staten som må ta hovudansvaret for bygging og finansiering av riksvegane også her i Hordaland. Det vart elles frå Halleraker vist til at underteikna var med på vedtak i fylkestinget 13.desember 2017. Det var ikkje eit vedtak, men ein høyringsuttale.

Det er regjeringa som har kravd vesentlege kostnadsreduksjonar før ein kan gå vidare med Hordfast. Så får tida visa om regjeringa meiner at prisen på 35 milliardar er låg nok og om den er realistisk (planleggingsmidlar kan kanskje til slutt dreia seg om 1 milliard).

Samtidig gir regjeringa skattelette og driv svelteforing av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har knapt pengar til dagleg drift, og for ikkje å snakka om etterslepet på 7,3 milliardar. Dette vil ikkje fylkeskommunen makta å ta inn att, utan løyving frå staten. det hastar at regjeringa kjem på banen her. Etterslepet aukar dag for dag.

Panikkaktige takter

Det verkar for meg som at Hordfast skal køyrast uansett og kanskje med litt panikkaktige takter. Dette er ikkje bra.

Halleraker er tilsett og løna av NHO for å driva fram Hordfast. Altså berre eitt ansvar: Få oppstart på prosjektet, eller stå utan jobb.

Som politikarar har me eit heilt anna ansvar. Me bør stoppa opp og prioritera. Vår største utfordring i åra som kjem er å sikra trygge og tenlege fylkes- og riksvegar gjennom auka vedlikehald, rassikring med eit bra miljø og sikra den investerte vegkapitalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gigantprosjektet får venta til dette er gjort.

Øyvind Hardeland

Fylkespolitikar Ap