Frigjer oss ytterlegare: I kommunestyret tysdag frigjer vi oss ytterlegare frå bindingane til Hordfast-prosjektet. Då vedtek vi å selja eigarposten i Hordfast AS, som Os kommune kjøpte to år sidan.

Takk og farvel til Hordfast

Tysdag kvittar Bjørnafjorden kommune seg med aksjar for 20 000 kroner i Hordfast AS. Sjølve pengesummen er beskjeden, men salet er viktig for lokaldemokratiet.

Samarbeidspartia Ap, Sp, MDG, KrF og SV jobbar for å realisere ferjefri kyststamveg gjennom Fusa. Det betyr samstundes at vi seier nei til bru over Bjørnafjorden og motorveg over Ulvenvatnet.

Les også
Føreslår å selja kommunens aksjar i Hordfast AS

Vi har alt sendt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med beskjed om at Bjørnafjorden kommune ønsker ordinær kommunal planprosess for E39 Stord–Os; og ikkje statleg planprosess slik det er lagt opp til.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kommunestyret tysdag frigjer vi oss ytterlegare frå bindingane til Hordfast-prosjektet. Då vedtek vi å selja eigarposten i Hordfast AS, som Os kommune kjøpte to år sidan.

Salet er ikkje økonomisk motivert. I beste fall får vi attende det vi betalte for aksjane. Hordfast AS er pådrivar for eit prosjekt som vi ikkje ønsker. Det har ingen verdi for oss å stå som eigar i eit lobbyselskap som tener andre interesser enn dei Bjørnafjorden har.

Samarbeidspartia har høge ambisjonar for korleis vi skal utvikla den mangslungne kommunen vår. For oss er det viktig å sitja i førarsetet slik at vi kan finna framtidsretta løysingar for samferdsle og kommunikasjon for heile Bjørnafjorden. Vi ønskjer også å stå fritt til å velja alternativa med minst inngrep i natur og miljø. Slik kan vi bidra til berekraftig utvikling i kommunen vår.

Tysdag seier vi takk for oss i Hordfast AS – og ingen treng vera i det miste tvil om kvar vi kjem til å leggja ned innsats og krefter framover: Vi skal byggja Bjørnafjorden!

Atle Kvåle

Gruppeleiar Arbeidarpartiet

Terje Sperrevik

Gruppeleiar Senterpartiet

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne

Bjarte Samnøy

Gruppeleiar Kristeleg Folkeparti

Asle Olsen

Gruppeleiar Sosialistisk Venstreparti

Harald Lekven

Uavhengig

Artikkelen held fram under annonsen.