Alvor: Situasjonen er svært krevjande, og me håpar at kommunestyret forstår alvoret, skriv Svanhild Håland Riise og Utdanningsforbundet.

Tankar om økonomiplan og budsjett: - Varsellampane bør blinka

Økonomiplanen er kanskje berre tal i ein tabell for kommunestyret, men for tilsette kostar budsjettdisiplinen blod, sveitte og tårer.

I desse dagar skal budsjettet til kommunedirektøren lesast av dei folkevalde. Det er klar melding også dette året: Me har høgare driftsutgifter, enn inntekter. Farten er for høg, og ein må redda driftsbalansen i 2023 med premiefond.

I delen om oppvekst kan ein lesa utfyllande om både barnehage, skule og Familiens hus. Økonomien er stram, og det merkast dagleg for dei tilsette. Det er ein auke av barn med særskilde behov som treng omfattande tilrettelegging. Menneske kjem i alle slags utgåver og kan aldri sjåast på som ein konstant faktor i ein stram finansieringsmodell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
I ferd med å tømma sparegrisen. Vil bruka 193,4 millionar av kommunens premiefond

Fleire av einingane klarar ikkje levera det dei skal innafor budsjetta sine, og dei manglar ein økonomisk buffer til uføresette behov. Takk vere godt fagforeiningsarbeid har me bemanningsnorm, pedagognorm og lærarnorm som set minimumsstandard for bemanning.

Grunnskulane rapporterer inn tal i GSI (Grunnskolens informasjonssystem). Det ligg i haust-rapporteringa an til å visa at me ikkje klarar å oppfylla både lærarnorm og alle enkeltvedtak om spesialundervisning /spesialpedagogisk hjelp, noko som er urovekkjande.

I følgje KOSTRA tilbyr me allereie få spesialpedagogiske timar, både i barnehage og grunnskule, samanlikna med både landet og samanliknbare kommunar. Varsellampane bør blinka!

Det blir ofte referert til laget rundt barna. Det blir dessverre færre og færre spelarar på dette laget ute i einingane, og innbytarbenken er tom. Utdanna personale er somme stader i kommunen umogleg å få tak i undervegs i året, og ufaglærte vikarar blir brukt i stor grad.

Det å jobba med menneske er emosjonelt utfordrande, og dagleg står tilsette i rollekonfliktar som genererer emosjonell ubalanse. Les gjerne meir forsking om dette temaet her: Emosjonelle belastninger på jobben, unio.no.

Høgt stressnivå hos personalet kan føra til lågare emosjonell tilgjengelegheit overfor barna, noko som spesielt rammar sårbare barn. Tilsette kjenner i tillegg på ubalanse mellom individuelle ressursar og jobbkrav, noko som fører til sjukdom.

Det kan til dømes kjennast som ei umogleg oppgåve å sjå kvar enkelt elev i eit klasserom med 29 av dei, noko som er ganske vanleg i vår kommune.

Me ynskjer oss at laget rundt barna skal vera kompetent, stabilt og trygt. Me ynskjer oss at laget har meistringstru og styrke til å blomstra og utvikla seg saman. For å få dette til, må me ha nok mannskap og kompetanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Betydelege økonomiske nedtrekk er allereie gjennomført i oppvekstsektoren, og ein klarar ikkje finna fleire innsparingstiltak utover det som kom fram i prosjekt Bjørnafjorden 22.

I åra som kjem, legg økonomiplanen opp til ytterlegare kutt. Situasjonen er svært krevjande, og me håpar at kommunestyret forstår alvoret. Dei tilsette strekkjer seg lengre enn langt, men også deira fleksibilitet har ei grense.

Økonomiplanen er kanskje berre tal i ein tabell for kommunestyret, men for tilsette kostar budsjettdisiplinen blod, sveitte og tårer.

Utdanningsforbundet Bjørnafjorden