Rart at ikkje Frp veit: Administrasjonen og Plan- og bygningsutvalet (PBU) var samde om prosess og kriterium, inklusive å senda ut brev til grunneigarar, så det er rart at Frp ikkje veit meir om dette temaet.

Tilsvar til Søviknes: Frp er direkte årsak til mange tapte millionar

Ikkje berre har Frp sett millionverdiar på spel for innbyggjarane, utbyggjarar og kommunen. Dei har i lang tid skusla verdiar og hindra god areal-, nærings- og bustadutvikling i kommunen.

Arealplanen er kommunens viktigaste verktøy for å sikra praktisk samfunnsutvikling og bør rullerast i kvar valperiode. Framstegspartiet og Høgre har hatt reint fleirtal gjennom fem valperiodar, i tjue år. I denne tida har arealplanen hatt dårlege kår, og den vart sist rullert i 2012.

Les også
Millionverdiar i fare?

Planen som vart vedteke i 2012 brukte Frp/H meir enn åtte år på å få godkjent. Den var heimla i den gamle lova frå 1985 og hadde ikkje tatt opp i seg endringane frå ny lov som kom i 2008. Dette betyr at kommunen i mange år ikkje har hatt verktøy for å få fortgang i utviklinga i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Administrasjonen og Plan- og bygningsutvalet (PBU) var samde om prosess og kriterium, inklusive å senda ut brev til grunneigarar, så det er rart at Frp ikkje veit meir om dette temaet.

Har prioritert: Den nye kommunen med nytt politisk leiarskap har arva ei lang rekkje planar som aldri vart ferdige, men i budsjettet har vi prioritert dette arbeidet, både med fleire stillingar og strammare politisk møteplan.

Det er utruleg at Frp i opposisjon er så kritisk til arbeidet med ny arealplan når vi veit korleis deira handsaming av arealplanarbeidet overkøyrde samrøystes framdriftsvedtak og trenerte arbeidet med krav om stadig fleire tids- og kostnadsdrivande utgreiingar slik at planen ikkje kunne bli ferdig før den nye kommunen tok fatt.

Den nye kommunen med nytt politisk leiarskap har arva ei lang rekkje planar som aldri vart ferdige, men i budsjettet har vi prioritert dette arbeidet, både med fleire stillingar og strammare politisk møteplan.

Det er rett at Os fekk svar rett frå levra hjå Fylkesmannen om at vi måtte gå heim og gjera leksa vår. Dette var ei varsla katastrofe. Opposisjonen og administrasjonen hadde åtvara i fleire år om ufornuftig politisk framferd i planarbeidet. Dette har i årevis kosta oss tid og ressursar både politisk og administrativt, og det er mange aktørar som sit og ventar på eit moderne planverk som sikrar god utvikling i kommunen vår.

Dette er ikkje arroganse frå Fylkesmannen, sjølv om fleire har peika på at det er kommunen som er planmynde. Det er ikkje slik at kommunen sit i eit vakuum, for både regionale og statlege mynde kan og skal legga føringar for kommunen.

Det er ei kjennsgjerning at Terje Søviknes og Gustav Bahus sjølve har vore med på å leggja regionale føringar frå posisjon og opposisjon i Hordaland fylkesting, sjølv om dei på det tidspunktet ikkje forsto konsekvensane og no angrar.

Å styra utan oppdatert planverktøy betyr at både administrasjon, politikarar og utbyggarar må bruka enormt mykje krefter på å handsama planar og byggesøknad gjennom dyre og tidkrevjande dispensasjonar og klagesaker. Ved kvar instans renn det ut tid og pengar for tiltakshavar. Vi veit at det er mange tiltak som er skadelidande av denne situasjonen, og det har lenge vore stor frustrasjon i kommunen.

PBU gjorde 6. februar 2020 samrøystes vedtak om framdrift for arealarbeidet, og utvalet vedtok vurderingskriterium for vidare arbeid med innspel. Deretter vedtok vi 12. mars å setja opp fem ekstra møte for å sikra framdrift. I dette møtet vart det tematisert at det er viktig med god kommunikasjon med dei som sit på eigedom som kan få endra planstatus, og heile utvalet var positiv til at administrasjonen skulle senda ut informasjonsbrev. Fokus på openheit i prosessane og tidlig involvering er etter vårt syn ny strategi frå politisk leiing her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette brevet er altså godt kjendt for Frp og vi presiserer at både Høgre og Framstegspartiet er representerte i PBU. Bahus var ikkje sjølv i det siste møtet, men partiet hans har faktisk ⅓ av alle representantane i utvalet.

Møteplanen har diverre vorte skadelidande medan vi finn gode måtar å gjennomføra digitale møte på ein involverande og demokratisk måte, men etter påske legg vi opp til PBU-møte kvar einaste torsdag.

Bahus og Søviknes presiserer at fylkesmannen aksepterer 3% vekst i kommunen. Dette er truleg mykje høgare enn vi kan forventa dei neste tiåra, men det er ikkje redusert vekstprognose som er årsaka til at vi må redusera bustadareal. Årsaka er at den gamle arealplanen allereie har meir bustadareal enn det som er tilrådd sjølv for så høg vekst. Vi får altså ikkje lov til å leggja inn meir nytt utan å ta ut noko anna.

Det er også viktig å få fram at bukvaliteten for innbyggarane våre blir dårleg når vi ikkje planlegg godt. Vi har mange eksempel på at det manglar naudsynt sosial infrastruktur som gangveg, leikeplass og kapasitet på veg, vatn og kloakk.

Kommunestyret har ansvar for samfunnsutvikling i tråd med regionale og statlege føringar. Det betyr at vi politikarar må og skal ta dei vanskelege vala om å styra korleis kommunen skal utviklast.

Vi tar dette ansvaret. Vi skal sikra samfunnsutvikling med høg kvalitet for innbyggarar og utbyggarar, og vi skal sikra mykje betre framdrift slik at alle kan spare pengar.

Terje Sperrevik

Leiar PBU

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils-Anders Nøttseter

Nestleiar PBU