Reagerer: Vi reagerer på at han så gjerne vil ofra høve for dei svakaste til å koma seg til naudsynt helsehjelp, og vårt inntektsgrunnlag, for at han skal få ta seg eit glas vin eller tre.

Vårt virke er meir verdifullt enn det

Vi i Fusa Taxisentral AS synest Karl Jakob Helland er rimelig krass i uttalane sine om taxi-tilbodet på Fusa-sida, og ønskjer å gje litt utfyllande informasjon om kvifor situasjonen er som den er.

Først av alt synest vi det er svært leit å høyra at Helland, og andre godt vaksne folk på denne sida av Bjørnafjorden, tydelegvis ikkje er i stand til å gå ut og kosa seg, «vera sosiale og møta andre i hyggjeleg lag» utan at alkohol er involvert. Samstundes reagerer vi på at han så gjerne vil ofra høve for dei svakaste til å koma seg til naudsynt helsehjelp, og vårt inntektsgrunnlag, for at han skal få ta seg eit glas vin eller tre.

For å ta eit eksempel: Frå måndag til fredag i forrige veke køyrde vi 15 turar med pasientar til Bergen, enten akutt eller til planlagde timar. Vi køyrde 47 turar innad i kommunen, hovudsakleg i «gamle Fusa kommune», til/frå lege og fysioterapi. Vi køyrde 28 skuleelevar, fordelt på 18 forskjellige ruter i alle himmelretningar, til og frå skule eller ASVO. I tillegg kjem køyring til og frå tannlege, samfunnskritisk personell til og frå arbeid, TT-kort-turar (tilrettelagt transport) og private turar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Meiner manglande taxitilbod er drepen for det sosiale livet i helgane
Les også
Skjønar frustrasjonen, men kan ikkje lova betring med det første

Svært sårbare

I desse dagar brer korona-smitten seg også på vår side av fjorden. Vi risikerer at om ein av oss på dei fem drosjene får korona, så blir heile sentralen stengt ned. Ingen av «våre» skuleelevar kjem seg på skulen uten at foreldra køyrer. Ingen av «våre» pasientar kjem seg til lege eller behandling korkje i Eikelandsosen, Samnanger eller Bergen.

Dette er oppdrag vi har kontrakt på at vi skal køyra. Og disse kontraktane utgjer om lag 95 prosent av all køyringa vår, no som før pandemien. Vi tenkjer det hadde vore langt meir øydeleggande for Fusa-samfunnet om vi ikkje kunne køyra desse kundane, enn å køyra vaksne folk til og frå fest.

Gjennom heile pandemien har vi sjåførane i Fusa Taxisentral vore svært forsiktige. Sjølv om samfunnet opna opp og krav til munnbind forsvann, beheldt vi munnbindet på. Framleis med hyppig vask av alle kontaktflater i bilane.

Les også
Slik vert taxi-tilbodet i Bjørnafjorden etter dei nye reglane
Les også
Helse Bergen seier opp avtale: Fryktar for pasientars liv og helse i gamle Fusa

Ikkje lengre driveplikt

Så kan eg nytta høvet til å opplysa Helland om realitetane etter at den forrige regjeringa innførte frislepp i taxi-næringa 1. november 2020. Han tykkjer det er «galskap» at vi ikkje køyrer i helgane, og han skjønar ikkje korleis vi kan ha drosjeløyve. Realiteten er at driveplikta vart fjerna, så vi kan stengja og opna akkurat som vi vil. Når klokka er 18.00, har kanskje nokre av oss allereie vore på vegen i mange timar, og skal tidleg ut og køyra igjen neste dag. Vårt mål er at passasjerane våre skal vera trygge i bilen når dei sit på med oss.

Frisleppet flytta også kompetansekrava i næringa i stor grad frå løyvehavar, og over på kvar enkelt sjåfør. For at ein sjåfør no skal få køyreseddel, må vedkommande både ta ei skriftleg prøve og praktisk oppkøyring hos Biltilsynet. Desse krava har gjort det svært vanskeleg å få fatt i eigna sjåførar som kan steppa inn som vikarar, enten det er helgar eller i vekedagane. Vi er ikkje i ein slik situasjon bemanningsmessig, at vi har fleire skift på kvar bil, slik ein gjerne har andre og meir sentrale stader.

Med den smitteutviklinga vi ser pr. i dag, er det lite sannsynleg at vi kjem til å opna opp for meir helgekøyring med det første. Smitte skil ikkje på arrangement med 10 eller 150 deltakarar. Vi kjem til å prioritera den køyringa vi har kontrakt på, samt transport av samfunnskritisk personell, og TT-kort- brukarar. Og vi har døgnvakt på pasientkøyring. Vi følgjer nøye med på utviklinga, og vurderer fortløpande å opna opp att også for helgekøyring.

Les også
Endringar i taxibransjen: - I verste fall kan tilbodet på kveld og helg forsvinna

Fekk berre to telefonar

Om Karl Jakob Helland ønskjer å redusera verdien av vårt arbeid til at han kjem seg heim frå fest, så står han sjølvsagt fritt til det, men vi er ganske sikre på at vårt virke er meir verdifullt enn det.

Og heilt til slutt: Vakthavande på telefonen den omtalte helga med storarrangement i Eikelandsosen hadde to telefonar med førespurnad om køyring. Desse to turane hadde neppe auka publikumsmassen på arrangementet i særleg stor grad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Cathrin Valestrand

Fusa Taxisentral AS