Stolte: Vi er stolte over alle dei tilsette som gjer sitt beste og held motet oppe. Det skriv (f.v) Linda Ann Lohne, hovudtillitsvalgt (HTV), Dorte Natås, hovudtillitsvalgt (HTV), Oppvekst og Anne Grethe Pedersen, hovudtillitsvalgt (HTV) helse og velferd.

Vi er utruleg stolte over frontlinja

Det er imponerande korleis førstlinja står på i pandemien.

Det er no på tide å setja fokus på dei som står i førstelinja i oppvekst-, samfunns- og helsesektoren. Dei vert nemnd lite i media, og det er lite fokus på desse gruppene.

Kven er dei? Vi i Delta veit det, og vi er utruleg stolte av dei; assistenten, fagarbeidaren vernepleiaren, frontlinja, beredskap m.fl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er desse arbeidsgruppene som er igjen og jobbar lange dagar på SFO når skulen stengjer for juleferie, har lange dagar med barnet i barnehagen, står i beredskapen, står i frontlinja, på dagsenter og ikkje minst på sjukeheimen, i psykisk helse, i heimesjukepleien og tilrettelagde tenester som har 24/7-teneste gjerne utan fri når helgene og heilagdagane kjem.

Kva skulle vi gjort utan desse arbeidstakarane? Fagforeninga Delta er stolte av å organisera breitt. Vi er mange og alle er like viktige. For at hjula skal gå rundt, er vi avhengige av alle. Dei treng å bli sett som ei like viktig brikke i samfunnet.

Fleire av dei tilsette vi har vore i kontakt med, er sjølve i risikosona i forhold til alder, helse og heimesituasjon. Til tross for dette har dei stilt opp for at tilbodet skal fungera. Utan dei hadde ikkje rullering i vaktordninga fungert. Det ville ha mangla tilsette på jobb, og barn, vaksne, eldre og sårbare grupper ville ikkje fått den oppfølginga vi alle meiner dei har krav på.

Delta i Bjørnafjorden kommune vil senda ein stor takk til alle dei som står på og gjer sitt beste for at innbyggjarane skal få ein god og trygg dag.

De gjer ein av dei viktigaste jobbane som må gjerast i kommunen – står i førstelinja i denne pandemien. Vi er stolte over alle dei tilsette som gjer sitt beste og held motet oppe. Bjørnafjorden kommune treng dykk!

Tusen takk. Ta vare på kvarandre. Med dei beste ønskjer for ei fin adventstid.

Linda Ann Lohne

Dorte Natås

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne-Grethe Pedersen

Hovudtillitsvalde i Delta

Bjørnafjorden kommune