Lei: Vi er lei av at regjeringa og ministeren, gong på gong, ikkje kan møta oss på dette.

Vi treng ei ny regjering som prioriterer velferds-Noreg

Velferda i Noreg blir skapt fyrst og fremst ute i kommunane. Det er her grunnleggjande tenester som blant anna skule, barnehage, fastlege, rehabilitering og omsorg blir gitt.

I VG måndag 29. september kunne vi lesa helseminister Høie si utsegn om at kommunar som ikkje klarar å få budsjetta til å gå opp, ikkje har god nok økonomisk styring. Dette er ei ytring vi reagerer sterkt på.

Les også
– Skal det bli sånn at dei som har stått i front, dei vi har klappa for, endar opp utan jobb?

I fjor haust vart vi tildelt det strammaste kommunebudsjettet på 16 år, og åra før var heller ikkje enkle for kommunane. I Bjørnafjorden hadde samstundes tidlegare Os kommune, styrt av Frp og Høgre opparbeidd seg ei formidabel lånegjeld. Det var nok eit sterkt håp i både Fusa og Os kommune om at kommunesamanslåinga skulle utløysa ein umiddelbar gevinst. Diverre vart dette håpet raskt knust då ein i den nye kommunen mista store statlege overføringar, og no må spara 90 millionar kroner dei neste åra. Med utgiftene grunna koronapandemien på toppen av dette, har det økonomiske handlingsrommet til kommunen forsvunne. I tillegg kjem generelle effektiviseringar, kutt i midlar til dei med dei største behova og ei rekkje andre kutt som har ramma kommunane sidan Høgre tok makta i 2013.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen er pålagd etter lova å vedta eit budsjett som «går opp» og er realistisk. Det er staten sjølv som kvalitetssikrar dette. Vi kan ikkje lage eit budsjett som ikkje går i balanse, og når vi no jobbar på høggir for å få endane til å møtast samtidig som vi står midt i en krevjande pandemi, treng vi ei regjering som garanterer for at vi vil få dekt kostnadene knytt til koronapandemien. Den garantien har foreløpig ikkje kome.

Det er kommunane som har tatt størsteparten av både arbeidet og rekninga for stengte skular og barnehagar, trygge sjukeheimar og heimeteneste, auka kapasitet på legevaktene, testing, smittesporing og innkjøp av smittevernutstyr. Det er våre barn i barnehagane, elevane på skulane og eldre på sjukeheimane som vert ramma av regjeringa si manglande satsing på kommuneøkonomi, og vi er lei av at regjeringa og ministeren, gong på gong, ikkje kan møta oss på dette.

Vi er glade for at Arbeiderpartiet har talt vår sak på Stortinget. For Arbeiderpartiet er det heilt sjølvsagt at kommunane skal få dekt utgifter knytt til pandemien. Arbeiderpartiet foreslo 6 milliardar kroner meir til kommunane, som hadde gjeve oss ein viktig tryggleik. No må regjeringa lytta til kommune-Noreg og opposisjonen på Stortinget. Det handlar rett og slett om folk sin kvardag.

La det ikkje herska nokon tvil; vi stiller opp og vi arbeider døgnet rundt for å sørgja for at våre innbyggjarar får dei tenestene dei har krav på. Vi er stolte av korleis våre mange dyktige tilsette i kommunane, næringslivet og innbyggjarane i Bjørnafjorden har handtert krisa vi står i. No må regjeringa kome på banen.

Kommunestyregruppa og styret i Bjørnafjorden Arbeidarparti