Her sit leiar Bjørn Sivertsen (t.h) utanfor Os eldresenter ilag med Kari Borge og Per Arne Vaktdal.

DEBATT

Vil kutt i tilskot til Os Pensjonistforening sikra likebehandling?

Nokre betraktningar kring Ap sitt forslag og konsekvensane for Os Eldresenter.

Arbeiderpartiet (Ap) har foreslått å avvikle det faste tilskotet på 100.000 kroner til Os Pensjonistforening. Dei meiner grepet er nødvendig for å sikra likebehandling av frivillige lag. Dette forslaget har vakt reaksjonar, spesielt med tanke på foreninga si viktige rolle for eldre i lokalmiljøet. 

Då Os Pensjonistforening for fyrste gong i 2003 søkte om stønad frå kommunen til drifta av Os Eldresenter, var det Ap som i formannskapsmøtet forslo å løyva 50.000 kroner. Så vidt vi veit, har Os Pensjonistforening kvart år etter dette søkt om, og fått, eit årleg tilskot frå kommunen. Eit tilskot som etter kvart har auka til dagens sum på 100.000 kroner.

Dette tilskotet har bidrege til at drifta av Os Eldresenter stort sett har gått i balanse, og utvikla seg til eit sentralt, sosialt tilbod for eldre i området.

Likebehandling?

Ap vil ha likebehandling av frivillige lag, men ser ut til å gløyma at Os Pensjonistforening sidan Os Eldresenter vart innvia i 1985, har stått i ei særstilling som sosial samlingsstad for eldre. 

Alle frivillige lag i kommunen gjer ein glimrande jobb for kvar sine målgrupper, men det er vel ingen som tilbyr ein sosial møteplass for eldre i eige hus tre dagar i veka.

Eldresenteret – En viktig møteplass

Dei aktive pensjonistane utgjer sjølve ryggrada i drifta av eldresenteret. Mange har lang erfaring frå arbeidslivet og tar med seg kunnskap og engasjement inn i foreiningsarbeidet. 

Mangfoldet av tilbod, og alt frå handarbeid til trim og IT-hjelp – viser at pensjonistane har stor breidde i kompetanse og interessefelt. Dette styrkar også samhaldet i lokalsamfunnet, og gir eldre moglegheit til å delta på eigne premissar.

Sosialt samvær er avgjerande for trivsel og psykisk helse blant eldre. Gjennom møteplassen som dagsenteret utgjer, får pensjonistane anledning til å byggja nettverk, utveksla erfaringar og støtta kvarandre. Dette er med på å motvirka einsemd og isolasjon, og bidrar til et varmare og meir inkluderande lokalsamfunn.

Aktiviteter og samarbeid

For å utdjupa kvifor Os Pensjonistforening kvalifiserer for særbehandlig kva gjeld kommunale tilskot, vil vi nemna nokre av prosjekta foreininga har gjennomført dei seinaste åra:

* Spisevenn, eit samarbeidsprosjekt finansiert av Helsedirektoratet og gjennomført i samarbeid mellom Os vidaregåande skule, Fusa vidaregåande skule og Os Pensjonistforening. Unge og eldre møtest ein gong i månaden til middag og sosialt samvær. Ungdommane serverer og ryddar og vaskar opp etter maten. Spisevennprosjektet var så vellykka at det har ført til fast samarbeid mellom Os Pensjonistforening og dei to vidaregåande skulane.

* Vi tilbyr gratis datahjelp kvar torsdag ettermiddag på biblioteka i Eikelandsosen og Osøyro. Her hjelper elevar frå vidaregåande eldre som har utfordringar med mobil eller nettbrett.

* Under prosjektnamnet Generasjonstreff kjem ein HO-klasse ein gong i månaden på besøk til Os Eldresenter. Dei serverer mat og deltar i aktivitetar og sosialt samvær.

* Os Pensjonistforening administrerte Seniordrosjeprosjektet, eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, bankar og private. Det vart tilbode gratis drosje til og frå alle arrangement mynta på eldre i heile kommunen.

* Os Pensonistforening vidarefører dette tiltaket med gåver frå bankar og private slik at alle som ikkje har eigen bil, kan få gratis skyss til og frå alle våre arrangement og aktivitetar på Os Eldresenter.

* For to år sidan skaffa vi finansiering og tok initiativ til Stolpejakten i Os, i samarbeid med Os Orienteringsklubb.

* I 2023 fekk vi produsert og sett ut 47 aldersvenlege kvilebenkar på begge sider av fjorden.

I tillegg til å drifta desse prosjekta, vert det lagt ned ein kontinuerleg frivillig innsats for å halda huset og uteområda i forskriftmessig stand og for å drifta foreininga, og sist, men ikkje minst, den store innsatsen som vert lagt ned for å halda open kafé kvar måndag, onsdag og fredag mellom kl 10 og 14. Kafeen vert drifta av frivillige, under kyndig leiing av ein deltidstilsett kantinebestyrar.

Konsekvenser av kutt i tilskot

Os Pensjonistforening har vore heldige og landa fleire store prosjekttilskot for ulike tiltak som kjem eldre i heile kommunen til gode. Men, som det framgår av namnet, det er prosjekttilskot som, når prosjektet er gjennomført, ikkje kan vidareførast utan anna, ny finansiering. Berre unntaksvis vert det gitt tilskot til å vidareføre eit prosjekt. Då må det søkjast om eit nytt, annleis prosjekt.

Eit kutt på 100.000 kroner i årleg tilskot kan få store konsekvensar for foreininga si drift og aktivitetstilbod. Det kan bety færre aktivitetar, mindre sosialt tilbod og redusert tilgjenge for dei som treng det mest. I verste fall kan det føre til at fleire eldre opplever isolasjon og einsemd.

Avslutning

Os Pensjonistforening og Eldresenteret er eit tydeleg eksempel på kor viktig frivillig arbeid og støttande tiltak er for eldre i samfunnet.

Eit kutt i tilskotet kan ha store negative konsekvensar, og det er difor grunn til å vurdera nøye om dette er rett veg å gå.

Eit levedyktig eldresenter er eit viktig bidrag til å sikra at alle eldre får like moglegheiter til å delta i sosiale fellesskap og aktivitetar, uavhengig av økonomiske prioriteringar.

Styret i Os Pensjonistforening

Leiar Bjørn Sivertsen

Nestleiar Astrid Leikvoll 

Turid Fjæreide

Per-Arne Vaktdal 

Ernst Hoff

Styremedlemer

Powered by Labrador CMS