Ola Svenneby, Marie Bruarøy, Erik Vågen, Samba Marin
Då Høgre-nestleiar Ola Svenneby onsdag besøkte hovudkontoret på Amundsneset, kom sals- og marknadssjef Erik Vågen med fire konkrete ynske til politikarane.

Besøkte Samba Marin. Fekk høyra om "ein heilt vanvittig haust".

Høgres nestleiar vart kjend med ein bransje som skrik etter folk, og vil lempa på aldersgrensa.

Publisert Sist oppdatert

For hjørnesteinsbedrifta i Øyane har pågangen frå arbeidsinteressert ungdom knapt vore større. 

— Vi får 5-10 førespurnader om utplassering kvar einaste dag, fortel HR- og mannskapssjef Camilla Johansen. 

Camilla Johansen, Samba Marin
Camilla Johansen er HR- og mannskapssjef i Samba Marin.

Ho omtaler det som "ein heilt vanvittig haust". 

Spørsmål kjem frå både ungdomsskule og vidaregåande, i tillegg til skular som Samba Marin har tett dialog med. 

— Dessverre har ikkje alle båtar kapasitet til å ta imot utplasseringselevar, seier Johansen. 

Bedrifta må difor seia nei til dei fleste, men tek likevel inn fleire enn dei har plass til. Per i  dag har Samba Marin 13 lærlingar. 

Tre av desse har teke fagbrev som havbruksteknikarar, og vert difor ikkje omfatta av nettolønsordninga som skal gjera det lønsamt for bedriftene å utdanna og tilsetja norske sjøfolk. 

Eirik Haugland er dagleg leiar i Samba Marin
Eirik Haugland

Nasjonale reglar set også ein stoppar for å tilsetja unge under 18 år i fleire jobbar. Dei har nemleg ikkje lov til å arbeida 12-timarsdagar.

— Båtane våre er ute på jobb heile dagen. Vi kan ikkje gå til kai klokka 16 for å setja ein 16-åring i land, sjølv om ein 16-åring heilt fint kunne ha gjort ein god jobb på den båten, seier dagleg leiar Eirik Haugland. 

Ber Høgre samarbeida

Så då Høgre-nestleiar Ola Svenneby onsdag besøkte hovudkontoret på Amundsneset, kom sals- og marknadssjef Erik Vågen med fire konkrete ynske til politikarane: 

  • Ta havbruksteknikaren inn i tilskotsordninga - både som tilsett og lærling -  no, medan forskriftene blir omskrivne.

  • Indeksreguler taket i nettolønsordninga så det ikkje vert svekka år for år. 

  • Skjerm arbeidande kapital i formueskatten, slik at norske eigarar kan konkurrera med utanlandske fond.

  • Støtt bedriftene som tek inn fleire lærlingar enn dei sjølv treng, og som gir unge ein prøvetur på sjøen. 

Ola Svenneby og Erik Vågen, Samba Marin
Ola Svenneby sette pris på tydelege ønske og tilbakemeldingar frå sals- og marknadssjef Erik Vågen (t.h.)

— Det er godt med tydelege ønske og tilbakemeldingar. Dessverre er mitt parti i opposisjon, i alle fall inntil vidare, kvitterte Svenneby. 

— Men det hindrar ikkje at de kan samarbeida med andre parti for å finna løysingar, svara Vågen.

Ola Svenneby og Erik Vågen, Samba Marin
Ola Svenneby fekk ei omvisning på bruket av sals- og marknadssjef Erik Vågen

Ekstremt lokale

Samba Marin handlar varer og tenester frå så mange som120 underleverandørar langs heile vestlandskysten. Blant desse finst lokale bedrifter som Os Marineservice og Jernia Os.

I tillegg har dei ein policy om å tilsetja norske, og helst lokale, arbeidarar.

Difor nøler ikkje sals- og marknadssjefen med å stempla Samba Marin som "ekstremt lokale".

I alle fall så lenge praksisen er økonomisk berekraftig. Marginane er små i konkurranse med utanlandske fond, men noko av fortrinnet verkar å vera nettopp at dei er mindre og smidigare.

Som då dei var hanka inn til eit sekstimers-oppdrag under bygginga av Hardanger-brua, men blei verande i seks månader. 

Ola Svenneby og Marie Bruarøy, Samba Marin
Varaordførar Marie Bruarøy peikte på utfordringane kring straummangel på Vestlandet.

Viss det blir krig

At dei vil ha norske sjøfolk, handlar ikkje berre om sikkerheit om bord, lik kultur for konfliktløysing og felles arbeidsmetodar. I ei uroleg og usikker verd, med aukande truslar frå Russland, kan lokalkunnskap dessutan vera livsviktig.

— Og om det ein dag blir krig, skal det vera nordmenn som kjenner kysten vår, ikkje utanlandske arbeidarar, seier Vågen.

Han nytta også høvet til å problematisera regjeringas mål om nullutslepp og elektrifisering av havbruksanlegg, fôrflåtar og mindre sørvisbåtar.

Samba Marin, som alt har fire hybridbåtar og tre nye på veg, er i og for seg ikkje ein motstandar av elektrifisering.

— Men problemet er at logistikken ikkje held fylgje med visjonane. Vi kan ikkje gå til land midt i arbeidsdagen og bruka timesvis på å lada batteri, sa Haugland. 

Vestlandet leverer

Varaordførar Marie Bruarøy greip sjansen til å minna om dei utfordringane eit dårleg utbygd straumnett og derav straummangel, utgjer for næringslivet her vest.

Thomas Nyløkken, Marie Bruarøy, Ola Svenneby, Erik Vågen, Samba Marin

Saman med leiar i Bjørnafjorden Høgre, Thomas Nyløkken, og nemnde Svenneby, brukte ho onsdagen hos lokale verksemder.

Fyrst besøkte dei Vinnes Friskule og høyrte om planane for Bjørnafjorden International School, deretter var dei innom Framo Fusa og til sist Strønoparken som er i ferd med å snu opp ned på demografien i Strøno.

PS: Etter endt program var det tid for middag. Noko Svenneby dokumenterte med eit Instagram-bilete av pommes frites-pizza frå Os og teksten "Vestlandet leverer".

Powered by Labrador CMS