Pengedryss: Til saman 300.00 kroner vart delt ut i Oseana fredag ettermiddag.

Årets Fjordfond-vinnarar er klare: — Det gir tryggleik at andre trur på prosjektet vårt

Det sa Ranjeeta Aarvik, ein av tre mottakarar av 100.000 kroner frå Sparebanken Vests Fjordfond.

Tre bedrifter vart tilgodesett med 100.000 kroner kvar då årets Fjordfond vart delt ut under Bjørnafjordkonferansen i Oseana fredag.

Blomebonde: Elisa Kolle (t.h.) mottek sjekken frå Synnøve Midttun i Sparebanken Vest.

Dalahagen

Dalahagen er eigd av blomedyrkar Elisa Kolle og ligg i Dalen på Ådland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kolle skal nytta pengane til å byggja eit større drivhus.

— Denne sommaren med dårleg vêr har vist at det er naudsynt.

Ho vil bruka drivhuset som ein samlingsplass der folk kan koma og sjå og læra.

Bærekraft: Spotten koplar ledig plass med behov for lagring.

Spotten

Det relativt nystarta firmaet er ein digital plattform som koplar ledig lagringkapasitet hjå private eller bedrifter, med firma som har behov for plass til oppbevaring.

Dagleg leiar Kenneth Joseph seier det slik på Spottens heimeside:

«Vi gjør det mulig for alle som eier en bolig å tjene ekstra penger ved å leie ut ledig plass. En bod, garasje, parkeringsplass eller et ukurant rom som du ellers ikke bruker? All plass har verdi!»

— Pengane skal nyttast til å byggja ein berekraftig plattform, slik at ein unngår «space waste».

Du kan lesa meir om Spotten på heimesida deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aarvik Gard: Ranjeeta Aarvik og ektemannen Sveinung hadde fortent eit betre bilete, men dette var det beste fotografen fekk til i farten.

Aarvik Gard

Den siste vinnaren er Aarvik Gard i Baldersheim, med Ranjeeta Styve Aarvik i spissen.

Ho driv det økologiske bakeriet Fru Aarvik, men skal no snart overta ein gard i Aarvik.

Målet er å vidareutvikla garden med vekt på berekraftige matvarer, opplevingar og overnatting. Ho vil at garden skal vera ein plass folk kan finna ro og kjenna seg i pakt med naturen.

— At andre har tru på prosjektet gir tryggleik i det vi held på med, sa ho i si takkehelsing.

Pengedryss

Sparebanken Vest har dei siste to åra gitt meir enn 10 millionar kroner til ålmenngyldige føremål i Bjørnafjorden.

I løpet av ti år har banken delt ut 2,9 milliardar kroner til Vestlandet. Dette inkluderer kundeutbytte til privatkundar og midlar til fellesskapet.

Utdelinga vart føreteke av Bjarte Falkanger og Synnøve Midttun frå Sparebanken Vest.

Fjordfondet-juryen har bestått av Falkanger, samt tre styremedlemer frå Bjørnafjorden Næringsråd: Alexander Grener, Siri Ann Myhren Dalseide og Cathrine Elisabeth Smith.