Har fått pris: Børrea Schau-Larsen har fått pris for framifrå arbeid innan hotellbransjen. Foto: Privat

Har fått pris for framifrå arbeid innan hotellbransjen

To gonger i året blir prisen delt ut.

— Prisen vert tildelt Børrea for hennar langsiktige dedikasjon til ei berekraftig og framtidsretta hotelldrift med vekt på kompetansebygging i alle ledd. Børrea driv eit historisk hotell som har lukkast med å vera i forkant av miljøvenleg drift sidan midten av 80-talet, då hotellet starta å bruka fjorden som varmekjelde. Ho er til stor inspirasjon for heile reiselivet, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Gaspart Bonet Foundation-prisen vert delt ut av den Europeiske reiselivsorganisasjonen Hotrec to gonger i året til ein personlegdom som har bidrege i ei årrekkje til den europeiske reiselivsindustrien.

— Det er ei glede å dela ut denne prisen til Børrea Schau-Larsen for hennar eineståande bidrag til den norske hotellsektoren og for å ha lukkast med å fremja berekraft i verksemda. Hennar vilje til å oppdaga og ta i bruk nye energieffektive løysningar er til inspirasjon for vår sektor når vi jobbar saman mot ei grønare, europeisk reiselivsnæring, seier Jens Zimmer Christensen, president i Hotrec.

I ei pressemelding skriv NHO Reiseliv at Solstrand gjennom fleire generasjonar har utvikla eit gjestegrunnlag som rommar både lokalsamfunn, norske og internasjonale gjester, akademia og næringsliv. NHO Reiseliv-direktøren rosar Børrea for hennar leiarskap og hennar emne til å ta vare på sine tilsette.

— På Solstrand handlar det både om gjestanes trivsel og om medarbeidaranes velferd, og der det å byggja gode gjesteopplevingar og eit godt og lærande arbeidsmiljø, blir likestilt. Som Børrea sjølv seier: "Alt handlar om menneske", seier Krohn Devold.

Reiselivet er ei kompetansenæring

— Det som gler meg aller mest, er at reiselivet blir meir og meir anerkjent som ei kompetansenæring. Vi har eit stort spenn av jobbar å tilby som dei færraste bransjar har. I går hadde eg to jobbsøkjarar her der ho eine sa; "Eg elskar å jobba med gjestene", og den andre sa "Eg elskar å jobba med hendene mine og skapa". Det er eit glitrande eksempel på det mangfaldet vi kan tilby, seier Børrea Schau-Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Børrea fekk overrekt prisen av kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv Merete Habberstad onsdag i hagen til ærverdige Solstrand Hotel & Bad.