Ønskjer konseptet skal bestå: Katrine Heggland er stolt av kva ho har bygd opp og har eit veldig sterkt ønske om at nokon entusiastiske personar tek opp stafettpinna og held liv i merket og butikken i Legangerbygget.

Katrine fortel om ein tøff prosess fram til valet om å selja butikken

– Eg fekk realisert draumen min og har hatt ei eventyrleg tid. No håpar eg å overlevera «babyen» min til andre drivarar seier Katrine Heggland.

Etter ni år med Nordisk Rom, fire år i Brugata og fem år i Legangerbygget, seier Katrine takk for seg, og vel å leggja inn årene.

– Det har vore ein tøff prosess å koma fram til dette valet, men no når valet endeleg er teke, er eg overtydd om at det er det rette, seier Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho vedgår likevel at det er litt vemodig.

– Det er jo babyen min, og eg har hatt mange gode kundar opp gjennom åra. Det er klart det er spesielt å skulle takka for seg, smiler Katrine.

Les også
Har omsett for ein halv million denne månaden

Stort potensiale

No har ho eitt viktig mål i tida framover, og det er å finna ein eller fleire som kan ta over stafettpinnen og syta for at Nordisk rom forblir i hjørnelokalet på Osøyro.

– Eg har veldig lyst at butikken og konseptet skal bestå. Eg føler eg har opparbeidd eit godt fundament for vidare drift, og potensialet er framleis stort. For dei rette folka kan konseptet også utvidast ytterlegare, seier ho.

Det som no blir lagt ut for sal er namnet, profilen og heile konseptet. I tillegg følgjer sjølvsagt nettbutikken og heile varelageret.

– Trur du det finst ein eller fleire arvtakarar der ute?

– Eg håpar jo verkeleg det. Det er mange som er interesserte i design og møblar der ute. For dei rette folka er det abslutt ein jobb å tilrå, smiler 47-åringen.

Ferie-tid etterpå

Ho hevdar heilt ærleg at ho ikkje har tenkt særleg på kva ho skal gjera etter å ha seld butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit faktisk ikkje. Eg har jo mine draumar, men noko konkret å fortelja om no, har eg ikkje. Mest av alt trur eg at eg kjem til å trengja litt ferie-tid.

– Kanskje ein tur til ditt kjære Italia?

– Ja, me får vel håpa at koronavirus-tidane er over når den tid kjem.

– Kor lang tid vil de bruka på salsprosessen framover?

– Eg håpar me har konkrete intressentar innan me når sommaren.

– Og visst ikkje, vert det avvikling?

– I verste fall, ja. Men det håpar eg jo verkeleg ikkje.

– Det blir ikkje aktuelt å halda fram om ingen kjøparar dukkar opp?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, avgjerda om å gå vidare i livet, er teke.