Stengjer bommane: For å betra på parkeringsforholda på Osøyro, vil bommane framfor rådhuset vera nede til klokka 10.00 frå i dag av. Det var litt startproblem første dag, slik at ein del bilar likevel kom seg inn. Difor ser ein mange bilar bak ordførar Trine Lind

Tek grep for å betra parkeringssituasjonen på Osøyro

– Vi må ta grep for handelsstanden sin del, og for alle dei som ikkje klarer å finna parkeringsplass i sentrum, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Førre veke snakka butikkeigarar i sentrum om den uhaldbare situasjonen i sentrum. Dei meiner at det aldri har vore vanskelegare å finna seg parkeringsplass. Kommunedirektør Christian Fotland fortel at han har forståing for frustrasjonen og at han sjølv ser problemet. No tek Bjørnafjorden kommune grep.

– I første omgang vil vi prøva å stengja parkeringa framfor rådhuset til klokka 10. Det har vi starta med alt i dag, fortel Trine Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Vi må gjera noko med parkeringsforholda i sentrum

I dag var det litt startproblem, slik at nokre hadde kome seg inn tidlegare, men det var likevel ein god del ledige plassar i 09-tida. Det var tydeleg at det var fleire som hadde planlagt å parkera framfor rådhuset, men møtte ein bom som var nede, for langs sida av rådhuset og utanfor gullsmed Eide, stod var det fullt opp av bilar på begge sider av gata.

Om dette tiltaket i seg sjølv ikkje er godt nok, vil kommunen også stengja av den nye parkeringsplassen på Circle K-tomta.

Les også
Ledig ved Oseana: – Kvifor nyttar ingen p-plassane her?

– Vi får sjå korleis dette tiltaket fungerer. Skulle ein oppnå ønskt effekt, vil det koma bom – som vil vera nede til klokka 09.00 – slik at parkeringsplassen ikkje berre blir brukt til innfartsparkering, seier Lindborg.

Samstundes som ein set i gang umiddelbare grep, er kommunen i gang med ei meir langsiktig løysing. Sesam Sesam skulle i utgangspunktet levera ei parkeringsløysing i sentrum, men då selskapet gjekk konkurs, har ikkje dette skjedd.

– No går vi i gang med anbodsprosess for parkeringsløysing på Osøyro. Dette vil på sikt betra situasjonen, seier Lindborg.

Styreleiar i Os sentrumsforening, Jon Sivert Rykkel, meiner at dette er eit steg i rett retning.

– Dette er eit godt tiltak. Det viser også at dei er «på ballen», seier Rykkel.