Den nye normalen: - Relativt høge smittetal er rett og slett den nye normaltilstanden, og noko vi må venja oss til å leva med framover, konstaterer kommuneoverlegen.

13 nye tilfelle i Bjørnafjorden sist veke. Har påvist smitte ved fire barneskular

Det opplyser kommunen måndag ettermiddag.

Dette er dei 13 tilfella:

Seks barn ved fire ulike barneskular: Borgafjellet barneskule, Søfteland skule, Nore Neset barneskule og Lunde barneskule

Artikkelen held fram under annonsen.

To ungdomar i vidaregaånde skule (Os vidaregaånde skule og ein skule i annan kommune)

Ein mann i 20-åra, to menn i 30-åra, ein mann i 40-åra og ei kvinne i 50-åra.

– Vi har ikkje utbrot ved nokon av skulane, men enkelttilfelle. Berre to av barneskuleelevane har vore på skulen i smittsam periode. I desse tilfella har skulane informert føresette om at elevar i same klasse bør ta test, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine heimesider.

Han konstaterer at «relativt høge smittetal rett og slett er den nye normaltilstanden, og noko vi må venja oss til å leva med framover».

– Heldigvis er vaksinasjonsdekninga god for dei over 12 år. 74 % av aldersgruppa 12-15 år har fått ein vaksinedose, og heile 91 % av 16-17-åringane er vaksinerte. Men vi må vera førebudde på at det kan bli større utbrot i barnehagar eller småtrinnet i barneskulane, der barn ikkje er vaksinerte. Dette følgjer vi sjølvsagt nøye med på, legg kommuneoverlegen til.

Les også
Utfordrande å nå målet for vaksinering av dei mellom 25 og 39 år. Peikar på fleire årsaker