Trafikkontroll: UP gjennomførte trafikkontroll i 9-tida onsdag. 14 sjåførar blei stoppa etter å ha køyrd for fort i 80-sona.

14 køyrde for fort: Blei målt til 113 km/t i 80-sona

Det medfører frå 1. februar eit forenkla førelegg på kroner 14.500.

Onsdag auka satsane på trafikkbøter med heile 30 prosent. Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte fleire ulike kontrollar i Bjørnafjorden kommune same dag.

Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser om at UP hadde kontroll i 80-sona ved Kolskogen. Der blei det skrive ut 14 forenkla førelegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Høgaste fart målt var 113 km/t, skriv Lyssand i ein e-post.

Promillekontroll på Halhjem

Eit meir positivt resultat fekk ein på Halhjem ferjekai, der UP hadde promillekontroll. 23 personar blei kontrollerte. Politiet fann ingenting å reagera på.

Det blei onsdag meld om eit tjuveri av ein nøkkelboks. Dette frå ei verksemd ved Byvegen. Vedkomande er oppmoda om å melda hendinga, opplyser politiet.

Feil køyrelys

Onsdag kveld klokka 20.25 blei ein varebil stansa og kontrollert. Varebilen var på veg mot frå Endelausmarka i retning Os.

— Bilen blei kontrollert ved Ulvenvegen. Det blei skrive eit forenkla førelegg for feil køyrelys, opplyser Lyssand.