- Beltebruken var så som så. 17 fekk gebyr for manglande bruk av belte. Dette er ganske mange gebyr. Særleg unge personar (over 15 år) vart observerte utan belte. Desse tilfella var heilt klare, rapporterer Statens vegvesen etter kontrollen.

17 personar fekk gebyr for manglande beltebruk

Denne vekas «Belte i buss»-kampanje gjev hyppigare kontrollar. I dag var Statens vegvesen ved Hjellemarka.

Dei kontrollerte i alt 20 bussar. Dei fleste av desse var lokale rutebussar. I tillegg vart to utanlandske turbussar stoppa, samt eit par kystbussar.

- Beltebruken var så som så. 17 fekk gebyr for manglande bruk av belte. Dette er ganske mange gebyr. Særleg unge personar (over 15 år) vart observerte utan belte. Desse tilfella var heilt klare, rapporterer Statens vegvesen etter kontrollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg hadde dei sju tilfelle der passasjeren av ulike årsakar slapp gebyr.

- Ved eit par av desse tilfella var belta rett og slett for små for vedkomande, opplyser vegvesenet.

I tillegg vart seks andre lette køyretøy stoppa. Her fekk éin førar gebyr for manglande medbrakt vognkort. Ein elev som lærekøyrde ved ein køyreskule kunne ikkje framvisa gyldig ID eller dokumentasjon på gjennomført trafikalt grunnkurs. Han vart ilagd bruksforbod inntil dette er retta.

jostein@osogfusa.no