18 år gamle MC-førarar la seg flate då dei vart stogga av politiet

Skal ha føreteke stygge forbikøyringar på E39.

Det var i ni-tida onsdag kveld at politiet stogga to 18 år gamle motorsyklistar i 70-sona ved Storestraumen på E39 i retning Bergen.

Like før hadde politiet fått melding om at motorsyklistande føretok stygge forbikøyringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei var svært audmjuke og la seg flate då vi stoppa dei, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Den eine av dei fekk mangellapp på grunn av knekt skilt som ikkje var riktig montert.

anne-marie@osogfusa.no