Kartet syner dei 829 husstandane i Os som framleis var utan straum rundt kl 948 fredag morgon. Gudridflaten, Prestegardsskogen og Varåsen var blant dei råka områda.
Kartet syner dei 829 husstandane i Os som framleis var utan straum rundt kl 948 fredag morgon. Gudridflaten, Prestegardsskogen og Varåsen var blant dei råka områda.

273 hus utan straum

Ein mann vart sitjande fast i heisen, og undervisninga på Kuventræ måtte føregå utan PC-ar under straumbrotet. Gudridflaten er no det einaste området utan straum.

OPPDATERT:

«Os og Fusaposten» melde kl 1030 at alle hus hadde fått straumen tilbake etter at BKK melde frå om dette. Seinare viste det seg at eit område med 273 hus framleis er straumlause. Det gjeld området mellom Høgehaugen, Prestegardsskogen og Gudridflaten.

Siste melding frå BKK er at desse vil få straumen tilbake kl 16.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gravearbeidet i Os sentrum førte til fleire jordfeil i Os som har gjeve straumbrot, kan Anne Mette Tuvin hjå BKK opplysa.

Straumen gradvis tilbake i område etter område etter brotet.

Undervisning med kritt og tavle

Fram til kvart på 10 var også Kuventræ råka. Rektor Olav Røttingen på Kuventræ barneskule fortel at dei kjende seg litt hemma utan smartboards og pc-ar.

- Me merkar at me blir meir av og meir avhengige av digitale hjelpemiddel. Men heldigvis har me framleis kritt og tavle. Og det er lyst ute, så me har halde undervisninga i gang, seier han.

kl 9.48 opplyste Røttingen at straumen var komen tilbake i området.

Mann fast i heis

Også Luranetunet var råka ei kort stund i dag tidleg. Brannsjef Stein Gjøsund fortel at ein mann sat fast i heisen, og at brannvesenet rykte ut for å hjelpa.

- Heldigvis kom straumen tilbake etter 15 minutt, og mannen kom trygt ut, seier han.

Straumen på veg tilbake

Straumen kom også raskt tilbake nokre stader i sentrum, men rådhuset og S. Tvedt lenge var mørklagde. I skrivande stund er det altså berre området rundt Gudridflaten som er utan straum.